Tema:Bibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM BIBELEN

endre  

Innleiing

{{{2}}}

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘bok’). er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion. Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2.355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar. Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahá'í.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahá'í. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk. Les meir...

endre  

Utvald artikkel

{{{2}}}

Evangeliet etter Lukas er eit av dei synoptiske evangelia og er i den kanoniske rekkefølgja den tredje boka i Det nye testamentet .

Både språklege og teologiske fellestrekk viser at Lukas-evangeliet (Luk) og Apostegjerningane Apg har same forfattar. Evangelisten Lukas vert symbolsk framstilt som ein okse.

Les meir...

endre  

Kategoriar

endre  

Bibelsitat

« Sæle dei som er fattige i si ånd, himmelriket er deira.

Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta.

Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda.

Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.

Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.

Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud.

Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.

Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira.

Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen! Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

»

Matt 5:3-12, Sæleprisingane frå Bergpreika

endre  

Utvald bilete...

Ein oppslått taiwansk bibel frå 1933.

endre  

Visste du at...

endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia