Tema:Islam/Intro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Islam er ein av verdsreligionane. Han har utspring i Arabia, og har mykje av læra si til felles med jødedommen og kristendommen og som desse er han monoteisk. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg (sjå:Islam i Noreg)

Den heilage boka til islam er koranen. Etter islams tru enneheld koranen openberingane til Allah, som skal ha vorte gjevne muntleg til profeten Muhammed. Muslimane meiner at dette pågjekk i 23 år, ved hjelp av erkeengelem Gabriel, gjennom draumar og heilag inspirasjon.

Det er om lag 1,5 milliardar muslimar i verda. Det finst fleire avgreiningar, der sunniislam utgjer rundt 80-85%. I Iran dominerer sjiaislam.