Tema:Pink Floyd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velkommen til temasida om Pink Floyd



endre  

Innleiing


Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har seld flest plater gjennom historia med over 200 millionar plater. Blant desse finn ein mellom anna The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, Animals frå 1977 og The Wall frå 1979, plater som gav Pink Floyd status som eit av dei største banda i verda.


endre  

Studioalbum

endre  

Syd Barrett (1946-2006)


Roger Keith Barrett (født 6. januar 1946 i Cambridge, England, død 7. juli 2006 i Cambridgeshire, England), kjend som Syd Barrett, var ein av grunnleggjarne av Pink Floyd. Han var den første frontfiguren i bandet, som låtskrivar, gitarist og vokalist, men kunne ikkje halde fram i bandet etter 1968, grunna massiv bruk av LSD. Påverknaden på andre musikarar har likevel vore stor, og etter suksessen til dei andre bandmedlemmene er det i starten av det 21. hundreåret framleis er ein enorm interesse rundt Barrett. Han vart i 2006 den fyrste medlemen av Pink Floyd som døydde, etter at han fekk bukspyttkjertelkreft.


endre  

Kategoriar

endre  

David Gilmour


David Jon Gilmour fødd 6. mars 1946 er gitaristen, vokalisten og ein av låtskrivarane i Pink Floyd. I tillegg har han arbeida som plateprodusent for ei rekkje artistar. Gilmour har vore aktiv i mange veldedige organisasjonar og vart i 2003 tildelt Commander of the British Empire for arbeidet sitt.


endre  

Nick Mason


Nicholas Berkeley Mason (fødd 27. januar, 1944 i Birmingham i England) er trommeslagaren, perkusjonisten og ein av komponistane i Pink Floyd. Han er den einaste av medlemane som har vore med i Pink Floyd sidan grunnlegginga i 1965 og har også spela på samtlege album.


endre  

Richard Wright


Richard William «Rick» Wright 28. juli 194315. september 2008 var pianist og tangentinstrumentalist i Pink Floyd. Han var eit av medlemmene som starta bandet i 1965, og var òg med i dei tidlege utgåvene av bandet, Sigma 6 og The (Screaming) Abdabs. Sjølv om han ikkje medverka like mykje på låtskrivarsida som sine bandkollegaer Roger Waters og David Gilmour, var lyden frå Wright sine orgel, piano og synthesizerar ein svært viktig del av lydbiletet til Pink Floyd.


endre  

Roger Waters


George Roger Waters (f. 6. september 1943) var før 1985 songaren, bassisten, nokre gonger gitaristen, ein av låtskrivarane og komponisten i Pink Floyd. Han var òg hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytta til Pink Floyd. I 2005 vart han gjenforent med Gilmour, Mason og Wright for ein enkel opptreden på Live 8-konserten i London, 2. juli.


endre  

Visste du at...


  • ...David Gilmour har spelt saman med Paul McCartney?
  • ...når Pink Floyd spelte The Wall live var det eit anna band som spelte fyrste songen, med masker av Pink Floyd-medlemmane?
  • ...den lengste framføringa av Dark Side of the Moon varte nesten 65 minutt, medan albumet varer i 42 minutt?
  • ...den aller fyrste gitaristen i Pink Floyd, Bob Klose forlet bandet for å bli fotograf?
  • ...David Gilmour spelte inn gitarsoloen i Time på fyrste forsøk?


endre  

Oversikt over Pink Floyd-relaterte artiklar


Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey
endre  

På Wikimedia


Pink Floyd på  Wikinytt  Pink Floyd på  Wikifrasar  Pink Floyd på  Wikibøker  Pink Floyd på  Wikisource  Pink Floyd på  Wiktionary  Pink Floyd på  Wikiversity  Pink Floyd på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager
endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia