Tema:Samiske språk/Intro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Dei samiske språka er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande dialektar er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske.