Tema:Skihopping/Intro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
{{{2}}}

Skihopping er ein vinteridrett som går føre seg i ein hoppbakke. Han høyrer til dei nordiske greinene. Utøvaren startar med å køyre ned eit overrenn, gjerne frå eit stillas, og ut på eit rampeliknande hopp. Her tar utøvaren sats og prøver å sveva så langt nedover unnarennet som mulig før nedslaget (landinga). Landinga skal helst bli utført med eit telemarknedslag, kor utøvaren bøyer i knea med den eine skien ført framover. Denne teknikken blei tidligare brukt for å kunne stoppa ein ubalanse framover eller bakover. Nå hindrar sko og bindingar i stor grad dette.

Skihopparen får poeng etter kor langt ned i bakken han hoppar, og etter kor god stil han får. Skihopping kan vere både ein individuell konkurranse og ein lagkonkurranse, såkalla laghopping. Dessutan inngår skihopping som ein av to konkurransar i kombinert.