Temadiskusjon:Pink Floyd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korfor står det Åtvaring: Standarsorteringa «Waters, Roger» tar over for den tidlegare sorteringa «Gilmour, David» på Waters-boksen? Martin NH 17. desember 2008 kl. 22:00 (CET)[svar]

Fordi fødd-malen er brukt i dei forskjellige elementa som utgjer heile temasida. Tema:Pink Floyd/Roger Waters er altså sortert på «Waters, Roger», medan Tema:Pink Floyd/David Gilmour er sortert på «Gilmour, David», noko som fungerer fint heilt til begge vert limt inn på same side. Då vert det kræsj fordi sida ikkje kan sorterast på meir enn ein måte. Me bør vel derfor unngå å bruke fødd-malen og liknande malar som automatisk kategoriserer og sorterer temasidene. No vert jo t.d. Tema:Pink Floyd/Roger Waters og sjølve Tema:Pink Floyd plassert i Kategori:Fødde i 1943 òg. --Frokor 17. desember 2008 kl. 22:48 (CET)[svar]

I andre språk boksen står det omlag ti oppføringar til same sida på serbisk(?) - kanskje det kjem inn via ein mal som er brukt fleire gongar? Larsivi 20. februar 2009 kl. 12:47 (CET)[svar]

Akkurat, ja. --Ranveig 20. februar 2009 kl. 12:59 (CET)[svar]