Témbi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tempe)
Témbi
dal
Land  Hellas
Kart
Témbi
39°52′22″N 22°32′48″E / 39.872778°N 22.546667°E / 39.872778; 22.546667
Wikimedia Commons: Tempe Valley

Témbi (gresk Τέμπη) eller Tempe er ein dal nord i Thessalía i Hellas som vart kalla Apollon og musene sin favorittstad av greske diktarar. Han ligg mellom fjella Ólymbos i nord og Óssa i sør. Dalen er 10 km lang, så trong som 25 meter enkelte stader og har klipper som er nesten 500 meter høge. Gjennom dalen renn elva Piniós på sin veg til Egearhavet.

På den høgre breidda av Piniós stod eit tempel tileigna Apollon, nær staden der laurbærblada som vart brukt til å krone dei sigrande i dei pythiske leikane vart sanka. Témbidalen var òg heimstaden til Aristaios, Apollon og Kyrene sin son, og var her han jaga Eurydike, kona til Orfeus, som vart biten av ein slange medan ho flykta og døydde. På 1200-talet vart ei kyrkje tileigna Ajía Paraskeví reist i dalen.

Témbipasset er eit strategisk pass i Hellas sidan det ligg der hovudvegen frå nord mot sør passerte. Ein kan omgå vegen frå Sarandáporosundet, men dette tar lengre tid. På grunn av den strategiske plasseringa har han vore ei slagmark opp igjennom historia. I 480 f.Kr. prøvde 10 000 atenarar og spartanarar å stoppe Xerxes I sin invasjon, men vart omgått gjennom Sarandáporo. Under den tredje makedonerkrigen i 164 f.Kr. braut romarane gjennom Perseas sitt forsvar og sigra over han seinare i slaget ved Pydna.

Under revolusjonen til Andriskos i 148 f.Kr. var dalen åsteda for nok ein konflikt. Det var andre slag som vart utkjempa der under barbarraida som markerte slutten på romartiden i Hellas og i bysantinsk og osmansk tid. I dag er Témbi for dei fleste grekere kjend for den dårlege vegen som går gjennom og dei forferdelege ulukkene som dette har ført til, som i 2003 då ein heil skuleklasse frå Imathia omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]