Tempelflagg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Buddhist-flagg på ei snor ved buddhisttempelet i Rælingen.

Flagg, vimplar og flaggstenger blir brukt i samband med tempel i ei rekkje austlege religionar. Dei finst særleg ved mange djain- og hindutempel, sikh-gurudvaraer og ein del buddhistiske heilagdommar. Flagga kan brukast for å visa veg mot heilagdommen, senda signingar utover vitjande eller identifisera tempelet. Ofte blir tempelflagg heiste og tekne ned til særskilde tidspunkt med ein viss seremoni.

I buddhismen[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk tempel i Thailand.

Ein finn flagg i fleire samanhengar i buddhistiske heilagdommar, til dømes rundt ein buddhafigur. Nokre stader heise ein flagg utanfor eit tempel eller kloster, til dømes det mangefarga buddhistiske flagget eller, i Thailand dharmahjul-flagg og det thailandske flagget.[1] Det buddhistiske flagget er av nokså ny dato, men blir brukt fleire stader i verda ved buddhistiske høgtider, særleg vesak.[2]

Koreanske tempel har tradisjonelt hatt parvise flaggstengestøtter av stein eller jern kalla dangganjiju. Desse kan i dag markera kvar eit tempel har stått i eldre tid.[3]

I tibetansk buddhisme er flagg særskild mykje brukt. Bøneflagg i ulike fargar med tekst og bilete kan hengast på snorer frå toppen av til dømes ein stupa og ned mot bakken. Ein set også opp flagg på stenger.

I hinduismen[endre | endre wikiteksten]

Vegtempel med tre trekanta vimplar i Gujarat.

Nordindiske tempel har flaggstenger på spiret av sikharaer, høge tårn over heilage rom. Ein kan også ha flagg på tempelportar. Flagga kan ha form som rektangel, trekantar eller ha splitt. Dei finst i ulike fargar, som safrangul, kvit, raud eller raud-og-kvitstripa. Dei kan også vera dekorert med symbol, til dømes skriftteikn eller slangar for Sjiva.

Sørindiske tempel har flaggstenger (sanskrit dhvajastambha), ofte utan flagg, ståande fritt framfor tempelet. Her kan tempelvitjarar utføra si første kneling.[4] Ved særskilde høgtider kan ein heisa flagg, ein seremoni som i Kerala blir kalla kodiyettam og offisielt opnar høgtida.[5]

Bali pynter ein tempel og andre stader med umbul-umbul, fargerike, avlange flagg som heng loddrett langs ei stong, ved høgtider.[6]

I sikhismen[endre | endre wikiteksten]

Gurudvara med to safranfarga flaggstenger og flagg i Pushkar.

Utanfor dei fleste gurudvaraer heng eit trekanta flagg kalla Nishan Sahib. Flagget har ein dusk i enden og eit symbol kalla khanda. Det er er safranfarga eller blått, blåe flagg viser til at gurudvaraen høyrer til nihangrørsla. Flagga blir heiste opp på høge, tøykledde flaggstenger og bytta ut kvart år ved baisakhi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Buddhism Arkivert 2011-05-06 ved Wayback Machine. ved www.crwflags.com; Thai temples ved thaiworldview.com
  2. The Vesak Festival or Buddha Day ved buddhanet.net
  3. GANYANG-RI DANGGANJIJU ved yesan.go.kr
  4. P. V. Jagadisa Ayyar, South Indian shrines: illustrated
  5. Ritual Arts and Temple Ritual Performances Arkivert 2010-08-12 ved Wayback Machine. ved thiruvallaonline.com; Idukki - Pilgrim Centers ved iddukki.net; The Anayottam or ‘Elephant Run’ at Guruvayur Arkivert 2011-10-15 ved Wayback Machine. ved enchantingkerala.org
  6. Bali Temple Ceremony Photo Arkivert 2011-04-21 ved Wayback Machine. ved www.balistarisland.com