Tempelhøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tempelhøgda
הַר הַבַּיִת, Har haBáyith, الحرم الشريف, al-Haram ash-Sharīf,
ås
Flyfoto av sørsida av Tempelhøgda
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Fjellkjede Judeafjella
By Jerusalem
Høgd 740 moh.
Koordinatar 31°46′40.7″N 35°14′8.9″E / 31.777972°N 35.235806°E / 31.777972; 35.235806
Kart
Tempelhøgda
31°46′40″N 35°14′08″E / 31.777777777778°N 35.235555555556°E / 31.777777777778; 35.235555555556
Wikimedia Commons: Temple Mount

Tempelhøgda (hebraisk Har haBáyit, הַר הַבַּיִת eller Har haMoria הַר הַמוריה, arabisk Haram al-Sharif الحرم القدسي الشريف, al-haram al-qudsī ash-sharīf) er ein av dei viktigaste religiøse stadane i Gamlebyen i Jerusalem. Høgda har vore ein religiøs stad i tusenvis av år. Minst fire religionar har nytta Tempelhøgda: jødedom, kristendom, romersk religion og islam. Staden er i dag dominert av tre monumentale bygg frå tidleg omajadisk periode: al-Aqsa-moskéen, Klippemoskéen og Kjettingkuppelen. Murane er daterte til sein bysantinsk og tidleg islamsk tid. Ein kan nå høgda gjennom fire portar med vaktpostar frå israelsk politi i nærleiken av kvar av dei.

Bibelforskarar har ofte identifisert det med to bibelske fjell med uviss plassering: Moriah der soga om ofringa av Isak fann stad, og Sion, der den originale Jebusitt-festninga stod. Begge tolkingane er omstridde.

Jødedomen reknar Tempelhøgda som staden der Gud valde å la det det guddommelege nærværet kvile (Isa 8:18). I følgje dei rabbinske vismennene som debatterte seg fram til det som vart Talmud, var det frå her verda utvida seg til den noverande forma si og der Gud samla støvet som vart nytta til å skape den første mannen, Adam. Det var òg staden der Abraham skal ha ofra Isak. I følgje Bibelen stod det to jødiske tempel på Tempelhøgda, men det er ingen bevis for Det første tempelet.[1] I følgje Bibelen fungerte staden som eit senter for alt nasjonalt liv - eit senter for styre, rettsvesen og sjølvsagt religion. Under Den andre tempelperioden fungerte det òg som eit økonomisk senter. I følgje jødisk tradisjon og Skrifta (2. Krønikebok 3:1-2), vart Det første tempelet bygd av kong Salomo, sonen til kong David i 957 fvt. og øydelagd av babylonarane i 586 fvt. Det andre tempelet vart bygd i regi av Zerubbabel i 516 fvt. og øydelagd av romarane i 70 evt. I følgje jødisk tradisjon er det her Det tredje og endelege tempelet skal byggast. Staden er den heilagaste staden i jødedomen og staden der jødar vender seg mot når dei bed. På grunn av den ekstreme heilagheita, vil ikkje mange jødar setje foten sin på sjølve høgda, for å unngå og utilsikta kome inn på området der det aller heilagaste stod, sidan det i følgje rabbinsk lov, framleis er nokre aspekt av det guddommelege nærværet til stades på staden.[2] Det var frå det aller heilagaste at høgstepresten kommuniserte direkte med Gud.

I følgje sunnimuslimar er høgda rekna som den tredje heilagaste saden i islam. Han vert dyrka som ein «edel heilagdom» (Bayt al-Maqdes) og staden der Muhammed steig opp til himmelen. Staden er òg knytt ttil dei jødiske, bibelske profetane som òg vert æra i islam.[treng kjelde] Etter den muslimske erobringa av Jerusalem i 637 evt., fekk omajadekalifane bygd al-Aqsa-moskéen og Klippedomen på staden.[3] Domen stod ferdig i 692 evt og er ein av dei eldste, eksisterande islamske byggverka i verda, etter Kaabah. Al-Aqsa-moskéen ligg heilt sør på høgda, vendt mot Mekka. Klippedomen ståd midt på høgda, anten over eller nær områder det Bibelen hevdar Det heilage tempelet skal byggast på ny.[4]

I lys av krava frå både jødedomen og islam, er han ein av dei mest omstridde religiøse stadane i verda. Sidan krosstoga har det muslimske samfunnet i Jerusalem styrt staden som ein waqf, utan avbrot.[5] Sidan staden er ein del av Gamlebyen, som har vore kontrollert av Israel sidan 1967, gjev både Israel og Dei palestinske sjølvstyresmaktene krav over området, og det er framleis eit av dei viktigaste punkta i Midtausten-konflikten.[6] I eit forsøk på å halde status quo, utøvde dei israelske styresmaktene eit kontroversielt forbod mot bøn av ikkje-muslimske vitjande.

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Tempelhøgda, sett frå Oljeberget

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bfvt. Science and Nature
  2. Maimonides, Mishneh Torah, Avoda (Divine Service): The laws of the Temple in Jerusalem, kapittel 6, regel 14
  3. Nicolle, David (1994). Yarmuk AD 636: The Muslim Conquest of Syria. Osprey Publishing.
  4. Rizwi Faizer (1998). «The Shape of the Holy: Early Islamic Jerusalem». Rizwi's Bibliography for Medieval Islam. Arkivert frå originalen 10. februar 2002. 
  5. Haram al-Sharif Arkivert 2011-09-24 ved Wayback Machine., ArchNet
  6. israelske Police Storm Disputed Jerusalem Holy Site

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]