Temperert lauvskog og blandingsskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Algonquin Provincial Park i Ontario i Canada
Utbreiinga av temperert lauvskog og blandingsskog i verda

Temperert lauvskog og blandingsskog er ein habitattype i temperert klima definert av WWF. Han omfattar økoregionar med skog av lauvtre og regionar med blandingsskog av lauvtre og bartre.[1]

Desse skogen er på sitt rikaste og mest særeigne i sentrale Kina og austlege Nord-Amerika, med nokre globalt særeigne økoregionar i Kaukasus, Himalaya, Sør-Europa, Australasia, sørvestlege Sør-Amerika og Russiske fjerne austen.[1][2][3]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Skogbotnen i Gotjawalskogen i Sør-Korea.

Den typiske strukturen til desse skogane omfattar fire lag:[1]

  • Det øvste laget er tretoppane til høge, vaksne tre som kan vera 30 til 60 meter høge. Under tretoppane finst ein skuggetolande underskog som er rundt 9-15 meter kortare enn toppen, og er delt i tre lag.
  • Topplaget i underskogen er under-tretoppane danna av vaksne mindre treslag, nye tre og undertrykte ungtre som venter på ein opning i tretopplaget.
  • Under topplaget er busklaget, som er danna av korte, vedaktige plantar.
  • Typisk er det lågaste og mest mangfaldige laget bakkelaget eller urtevekstlaget.

Tre[endre | endre wikiteksten]

den nordlege halvkula er karakteristiske dominante lauvtre i dette biomet ulike typar eik (Quercus spp.), bøk (Fagus spp.), løn (Acer spp.) og bjørk (Betula spp.).[1] Omgrepet «blandinsskog» kjem av at bartre også opptrer som topptre i nokre av desse skogane. Typiske bartre med denne rolla er furu (Pinus spp.), gran (Picea spp.) og edelgran (Abies spp.). I nokre område av biomet kan bartre vera ein viktigare toppart enn lauvtreartane. På den sørlege halvkula finst stadeigne planteslekter som Nothofagus og Eucalyptus i dette biomet, og dei fleste bartrea (frå Araucariaceae og Podocarpaceae) opptrer i blandingsskog med lauvtre.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tempererte lauvskogar og blandingsskogar finst i område med forskjellige varme og kjølige årstider som gjev dei moderate årlege gjennomsnittstemperaturar — 3 til 23 °C. Desse skogane finst i relativt varme og regnfulle klima, nokre gonger også med ei tydeleg tørketid. Aust-Asia har ei tørketid om vinteren medan område med vått middelhavsklima har ei om sommaren. Andre områe, som sentrale austlege Nord-Amerika, har ei ganske jamn fordeling av nedbør; årleg nedbør er vanlegvis over 600 mm og ofte over 1500 mm, sjølv om det kan gå så langt ned som 300 mm i nokre delar av Midtausten og oppimot 6000 mm i fjellområde på New Zealand og Azorane. Temperaturane er typisk moderate bortsett frå i delar av Asia som Ussuriland, der det kan vera temperert skog til trass for svært harde vinterforhold med særs kalde vintrar.

Klimaa er vanligvis fuktige store delar av året, og finst vanlegvis i den nordlege utkanten av fuktig subtropisk klima utan svært varme somrar og svært milde vintrar, og i kontinentale soner sør for tundraområde. I Köppen si klimaklassifisering er dei representerte av høvesvis Cfa, Dfa/Dfb sørleg del og Cfb,[4][5] og sjelndare av Csb, Bsk og Csa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 World Wide Fund for Nature. «Temperate Broadleaf and Mixed Forest Ecoregions». Arkivert frå originalen 2011-04-01. Henta 29. mai 2019. 
  2. Zhao, Ji; Zheng, Guangmei; Wang, Huadong; Xu, Jialin, red. (1990). The natural history of China. New York: McGraw-Hill Publishing Company. 
  3. Martin, WH; Boyce, SG; Echternacht, AC, red. (1993). Biodiversity of the southeastern United States: Lowland terrestrial communities. New York: John Wiley and Sons. 
  4. F, Beck, H. E. , Zimmermann, N. E. , McVicar, T. R. , Vergopolan, N. , Berg, A. , & Wood, E. (6. november 2018), English: Köppen–Geiger climate classification map.Français: Carte de classification climatique de Köppen–Geiger., henta 6. august 2019 
  5. Terpsichores (28. oktober 2012), English: Temperate broadleaf and mixed forests, henta 6. august 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Temperert lauvskog og blandingsskog