Tempus Fugit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Tempus Fugit»
Song av Yes
frå albumet Drama
Utgjeve 1980
Innspelt 1980
Sjanger progressiv rock, hardrock
Lengd 5:15
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White
Produsent Yes og Eddie Offord

«Tempus Fugit» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1980 på albuma til bandet Drama. Songen er skriven av Geoff Downes, Trevor Horn, Steve Howe, Chris Squire og Alan White, som på dette tidspunktet var besetninga i bandet. Songen er 5 minutt og 15 sekund lang.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Songen opnar med eit forrykande hardrock-liknande riff med gitar og bass. Trommene held tempoet oppe og understrekar tyngda til songen. Eit lite mellomspel på synthesizer, der ordet «Yes» repeterast med bruk av vocoder, før ein ny repetisjon av opningsriffet kjem. Eit nytt temposkifte fører songen vidare inn i første vers med ein reggae-inspirert versjon av riffet, som i refrenget går tilbake til hardrock-versjonen. Songen vekslar mellom vers og refreng i stil med konvensjonell rock. I ettertid kan musikkstilen lett skildrast som i «slekt» med The Police-songen frå 1979, «Message in a Bottle».

Tittelen «Tempus Fugit» er latin og tyder «tida flyktar». Teksta referer fleire gonger til situasjonar der tida kan synast å gå fortare enn ein ynskjer.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

«Tempus Fugit» vart framført under Drama-turneen i 1980 og under In the Present-turneen i 2008–2009.[1] Ellers har berre opningsriffet blitt spelt under ei rekkje konsertar som ein del av Chris Squire og Alan White sin «Whitefish» solo-medley.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Tempus Fugit»:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]