Tenåringsidol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karikatur av Rudy Vallée frå 1930.

Tenåringsidol er ein kjendis med mange ungdomar, særleg tenåringar, blant fanskaren sin. Slike idol er ofte unge, men er ikkje nødvendigvis sjølv tenåringar.[1][2][3] Ofte er eit tenåringsidol ein skodespelar eller ein popartist, men òg enkelte idrettsutøvarar kan vere tenåringsidol. Idolet kan vere populær hos berre tenåringar eller i alle aldersgrupper.

Tenåringsidol vert ofte omtalt i tenåringsmagasin som Topp.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eit tidleg kjent idol var pianisten Franz Liszt, som på 1840-talet tiltrekte seg så sterke beundrarar at omgrepet «Lisztomani» blei skapt for å skildra det. Tidleg på 1900-talet hadde operasongaren Geraldine Farrar ein stor tilhengjarskare av unge kvinner som blei kalla Gerry-flappers.[4] Songaren Rudy Vallée, som hadde stor suksess i 1929 med hittar som «Honey» og «Deep Night», kan ha vore den første amerikanske popsongaren som hadde hundrevis av tenåringsjenter som fanar. Frank Sinatra var også eit tidleg tenåringsidol som tidleg i karrieren sin på 1940-talet appeller til såkalla bobby soxers.[3]

Den store populariteten til Elvis Presley og James Dean i 1950-åra førte til at smarte reklamepersonar gjekk inn for å skape tenåringsidol, som Frankie Avalon. Elvis Presley starta karrieren sin med å spele hard rhythm and blues og jazza country før managerane hans endra stilen hans og han vart meir popaktig.

Tommy Steele, The Beatles og The Rolling Stones var tenåringsidol, særleg i starten av karrierane sine, men dei voks raskt ut av denne statusen, The Rolling Stones gjennom eit meir opprørsk image, og The Beatles gjennom meir utvikla musikk («vaksenmusikk»).

I 1980-åra vart musikkindustrien enno meir fokusert på å skape tenåringsidol. Med MTV i 1980-åra og gutegrupper i 1990- og 2000-åra har fenomenet halde fram. The Backstreet Boys, N'Sync og Westlife er forholdsvis nye døme på dette .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Teen Idol». All Music Guide. Henta 13. oktober 2009. 
  2. Unterberger, Richie. «Essay: Teen Idol». All Music Guide. Arkivert frå originalen 13. november 2010. Henta 13. oktober 2009. 
  3. 3,0 3,1 Bogdanov, Vladimir; Chris Woodstra; Stephen Thomas Erlewine (2002). All music guide to rock: the definitive guide to rock, pop, and soul. Hal Leonard Corporation. s. 1309–10. ISBN 0-87930-653-X. 
  4. New York Times (23. april 1922) s. 20