Ten folket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ten Folket)
Ten folket

LandNoreg
Grunnlagt1. mai 1998
HovudkvarterHaugesund kommune
IdeologiMaoisme Sjå dette på Wikidata
Stortings-
representantar
Stiller ikkje til val

Ten folket (TF) er ein marxist-leninistisk-maoistisk organisasjon. Forbundet vart tufta i 1998. Ho reknar Stalin, Mao, Lenin, Marx og Engels som sine viktigaste førebilete. Ungdomsorganisasjonen til TF er Revolusjonær kommunistisk ungdom (RKU).

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Korleis organisasjonen er oppbygd, er ukjend. Landsmøte og interne dokument er ikkje offentlege. Årsmøtet vel ein offisiell talsperson, som er einaste offentleg kjende medlem av organisasjonen. Henrik Ormåsen har vore talsperson sidan starten. Henrik Ormåsen vart i 1997 ekskludert frå AKP og RU etter interne konfliktar, og var med på å stifta TF året etter. Gjennom auka utoverretta aktivitet dei siste åra har likevel fleire medlemar vorte offentleg kjende, anten ved å vera opne om det eller fordi dei vert omtalte i media. Mellom anna har ungdomsorganisasjonen RKU fleire offentlege frontfigurar.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Ten folket framhevar Stalin, Mao, Lenin, Marx og Engels, dei såkalla «fem store», som dei viktigaste førebileta sine. Dei meiner at Sovjetunionen under Lenin og Stalin, og Folkerepublikken Kina under Mao, var verdas første erfaringar med sosialisme, og som nettsida deira seier: «Det var i hovedsak gode erfaringer, selv om det ble gjort en del store feil.»[1] Ten folket meiner at etterkomarane etter Stalin og Mao, altså Nikita Khrusjtsjov i Sovjetunionen og Deng Xiaoping i Kina, gjeninnførte kapitalismen. Dei avviser det at Stalin stod for massedrap som «borgarleg kritikk».[treng kjelde] Aktivistar frå Ten folket har ved fleire høve spraya portrett av Stalin på husveggar.

I tråd med marxismen meiner TF at samfunnet i dag er eit borgarleg diktatur. Vidare meiner dei at borgarskapet (den rikaste/ mest privilegerte klassa) ikkje vil gi frå seg privilega deira frivillig, og freistnader om fredeleg overgang til sosialismen vil bli møtt med væpna motstand. Dei viser mellom anna til røynslene frå Chile kor sosialistpartiet, med Salvador Allende som partileiar, vann valet i 1970, men blei styrta i eit kontrarevolusjonært kupp leia av Augusto Pinochet.

Ten folket meiner derfor at ein overgang til sosialismen ikkje kan skje gjennom parlamentariske val, og at han truleg òg vil bli væpna.

Gruppa meiner vidare at dagens problem med fattigdom og ein økologisk katastrofe som nærmar seg ikkje kan bli løyst i eit markedsøkonomisk system. Dei meiner at mennesket sjølv må skaffe seg kontroll over produksjonen gjennom planøkonomi, slik at ein produserer ut i frå kva som tener menneska, ikkje kva som tener aksjonærane.

TF meiner at deira måte å sjå samfunnet på, er basert på vitskap, og at denne vitskapen er naudsynt for å få faktisk kunnskap om korleis kapitalismen fungerer. Til dette nyttar dei marxismen-leninismen Mao Zedongs tenkning (gjerne omtalt som maoismen).

Under revolusjonen meiner Ten folket at proletariatet (eller arbeidarklassa) først må styrte dagens diktatur og erstatte det med eit fleirtalsdiktatur skapt av dei undertrykkja klassane, for å hindre den gamle herskarklassa i å atterreise det gamle systemet (kapitalismen) gjennom ein kontrarevolusjon.

Marx kalla det nye systemet for «kommunismens første fase». I seinare tid er denne fasen meir kjent som «sosialismen». Dette er et overgangssamfunn med store restar frå det samfunnet det spring ut i frå (mellom anna vil klasseskiljet framleis eksistere)

Dei meiner at klassane etter kvart vil «visne hen» (i tråd med Friedrich Engels), og at ein vil gå inn det klasselause samfunnet.

Målet for TF er det Karl Marx kalla fridommens rike, òg kjent som kommunismen, eller kommunismens andre fase. «Fridommens rike» blir sett på som ein motsetjing (sjå motseiing) frå «turftas/ naudsynets rike». Under kapitalismen og òg kommunismens første fase mener de at «turftas rike» vil vera det dominerande, men at den litt etter litt vil bli redusert, og gå over til større fridom for individa.

TF i forhold til andre parti på venstresida[endre | endre wikiteksten]

TF har sine røter i den nye marxist-leninistiske rørsla som voks fram på 60- og 70-talet, i Noreg først og fremst representert ved AKP. Ten Folket meiner at ei stor «høgrebølgje» kom inn over Noreg på 80-talet, og at AKP blei sterkt påverka av denne.

I denne perioden omformulerte AKP mykje av politikken sin, så han vart meir i tråd med den rådande omgrepsbruken i samfunnet elles, og gjekk vekk frå ein del gamle prinsipp som folk flest gjerne assosierer med dei gamle diktaturstatane i Aust-Europa. Teoriane om proletariatets diktatur, som Lenin omtalte som «eit nøkkelspørsmål» i motsetjinga mellom reformistane og dei revolusjonære var ein av desse teoriane. Ten folket har i langt mindre grad endra på det dei meiner er dei sentrale prinsippa innanfor marxismen. Av denne grunn blir dei òg gjerne omtalt som dogmatiske. Sjølv er dei usamde i dette, og meiner dei har gjort ein rekkje tilpassingar av den marxistiske teorien for vårt land og vår tid.

Etter opprettinga av Raudt i 2007 har TF gått meir i retning av å vera eit parti, og har hatt eit uttalt mål om å ha ei liknande rolla i Raudt som AKP tidlegare hadde i Raud Valallianse. Dette førte til ein del strid internt i Raudt, der Henrik Ormåsen vart ekskludert våren 2008.[2] Seinare same året vart 12 medlemar ekskluderte frå Raud Ungdom på grunn av tilknyting til Ten Folket.[3] På grunn av at TF-medlemar vart erklært uønskte i RU, oppretta TF sin eigen ungdomsorganisasjon, RKU.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Ten folket har frå fleire hald vorte kritisert både for organisasjonspraksisen og politikken sin.

Raudt gjorde på landsmøtet i 2008, etter langvarige interne usemjer, eit vedtak om TF. Det vart mellom anna slege fast at «Gruppa Tjen Folket er ikke en del av Rødt, den har en praksis som skiller seg skarpt fra Rødts, og den opptrer offentlig mot det Rødt står for og arbeider for på vesentlige områder».[4]

I løpet av våren 2010 hadde Dagbladet ein serie artiklar der dei mellom anna hevda at TF på udemokratisk vis hadde teke kontroll over organisasjonen SOS rasisme.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Heimesida Arkivert 2019-02-03 ved Wayback Machine. til Ten folket
  2. Artikkel i Dagbladet
  3. Artikkel i Bergens Tidende
  4. Vedtak på Raudt sitt landsmøte, juni 2008.
  5. Artikkel i Dagbladet, side 22, 11. mai 2010