Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve Desember 1971
Innspelt September 1971
Studio Sound Techniques i Chelsea i London
Sjanger Britisk folkrock
Lengd 37:33
Selskap Pegasus, Chrysalis
Produsent Sandy Roberton
Steeleye Span-kronologi 
Please to See the King
(1971)
Ten Man Mop, or Mr. Reservoir Butler Rides Again Below the Salt
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars [1]

Ten Man Mop or Mr. Reservoir Butler Rides Again er det tredje studioalbumet av Steeleye Span, spelt inn i september 1971. Det kom ut på det kortvarige selskapet Pegasus, og sidan på ny på Mooncrest same året. Det vart først gjeven ut i USA då Chrysalis Records kjøpte rettane til dei tre første albuma deira i 1975 og gav albuma ut på ny i både Storbritannia og USA.

Songar som «Four Nights Drunk», «Marrowbones» og «Wee Weaver» er i røynda rein folkemusikk. Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Ashley Hutchings. Han slutta i bandet i november 1971, like etter albumet var ferdig innspelt, dels fordi han meinte albumet gjekk for langt mot irsk musikk og bort frå engelsk musikk. Bandet vurderte òg å turnere i Amerika, noko Hutchings var motvillig til.

Albumet byrjar med ei tilpassing av julesongen «Gower Wassail». «When I was on Horseback» er ein av dei få folkevisene som har eit alternativt liv som ein bluessong, stundom kjend som «Six White Horses». Det finst òg ein irsk variant av ein melodi inspirert av «Streets of Laredo» og «St. James Infirmary Blues». Den siste songen, «Skewball», har eit effektivt kontrapunkt mellom ein banjo og ein elektrisk gitar.

Albumet var kjend for å ha eit teksturert, dobbeltfalsa omslag i originalutgåva. Dette vart betalt for av bandet sjølv, men det kosta meir å trykkje omslaget enn albumet vart selt for, så bandet tapte pengar kvar gong albumet vart selt. Det kom slik på både Pegasus og Mooncrest, men ingen av dei nyare utgjevingane hadde dette omslaget.

Ein «mop» i tittelen er eit omgrep nytta i mellomalderen for ein jobbmarknad, der arbeidarar kunne kome for å sjå etter arbeid. Songen «Copshawholme Fair» på debutalbumet til bandet, handlar om ei slik marknad. Ideen var at bandet var arbeidslause og arbeidssøkjande.

Fotografiet på omslaget vart teken av John Benjamin Stone kring 1900. Det vart kalla «'Sippers' and 'Topers'», og er ein av to landsbybuarar ved Bidford Mop, ein årleg marknad i Michaelmas i landsbyen Bidford-on-Avon i Warwickshire.

Bonusspor[endre | endre wikiteksten]

Då Castle Music gav ut Ten Man Mop... på ny i 2006, kom det med mange bonusspor. På den første plata inkluderte desse «General Taylor» og tre versjonar av Buddy Holly-songen «Rave On!». På den andre plata var ei innspeling frå Radio One in Concert with John Peel frå 26. september 1971.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Gower Wassail»5:26
2.«Jigs: Paddy Clancey's Jig / Willie Clancy's Fancy»3:09
3.«Four Nights Drunk»3:05
4.«When I Was On Horseback»6:12
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Marrowbones»4:27
6.«Captain Coulston»5:04
7.«Reels: Dowd's Favourite / £10 Float / The Morning Dew (instrumentals)»3:43
8.«Wee Weaver»2:40
9.«Skewball»3:33
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«General Taylor» (unytta studioopptak)3:31
11.«Rave On» ('scratched'-effekt, original singelutgåva)1:54
12.«Rave On» (rein versjon med to vers)1:52
13.«Rave On» (rein versjon med tre vers)2:06
Bonusplate på 2006-utgåva - BBC «Peel's Sunday Concert» 15. september 1971
Nr.TittelLengd
1.«False Knight on the Road»4:13
2.«The Lark in the Morning»4:50
3.«Rave On»2:37
4.«Reels: £10 Float / The Musical Priest»4:01
5.«Captain Coulston»5:15
6.«Martin Carthy: Handsome Poll-O»2:39
7.«Martin Carthy: Bring 'Em Down / Tim Hart: Haul on the Bowline»2:53
8.«Four Nights Drunk»3:04
9.«When I Was on Horseback»6:09
10.«Tim Hart & Maddy Prior: I Live Not Where I Love»4:40
11.«Peter Knight: The Wind That Shakes the Barley / Pigeon on the Gate / Jenny's Chickens»3:40
12.«Female Drummer»4:19
13.«General Taylor»4:04
14.«College Grove / Silver Spear / Ballymurphy Rake / Maid Behind the Bar»3:41
«'Sippers' and 'Topers'» av John Benjamin Stone, som brukt på plateomslaget.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Produsent: Sandy Roberton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]