Teneguía

Koordinatar: 28°28′N 17°51′W / 28.467°N 17.850°W / 28.467; -17.850
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vulkanen Teneguia i 2006

Teneguía er ein vulkan på øya La Palma, som er ei av Kanariøyane.

1971-utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Vulkanen har hatt det siste vulkanutbrotet som har skjedd på spansk jord. Det varte frå 26. oktober til 28. november 1971. Det oppstod jordskjelv før utbrotet slo til. Utbrotet tok livet av ein eldre fiskar som kom for nær lavaen og vart kvalt av gassane.

Utbrotet førte òg til skade på eigedommar og øydela ei strand, men nye strender oppstod seinare naturleg. Ingen folkesette område vart råka.

Vulkanen har vorte ein turistattraksjon og dannar ein del av Monumento Natural de Los Volcanes de Teneguía.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

28°28′N 17°51′W / 28.467°N 17.850°W / 28.467; -17.850