Tennessee Waltz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tennessee Waltz
Singel av Pee Wee King
A-side

Rootie Tootie

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1948
Innspelt 2. desember 1947
Studio RCA Victor Studios, Chicago. Illinois
Sjanger Country
Lengd 2:57
Selskap RCA Victor
Komponist Pee Wee King
Tekstforfattar Redd Stewart
Pee Wee King-kronologi 
«Quit Honkin' That Horn»
(1947)
Tennessee Waltz «The Waltz of Regret»
(1948)


«Tennessee Waltz» er ein populær countrysong med tekst av Redd Stewart og musikk av Pee Wee King[1] skriven i 1946 og først gjeven ut i januar 1948. Innspelinga til Patti Page frå 1950 selde til fleire millionar då han kom ut. Fram til 1974 var dette den bestseljande songen i Japan nokon gong.[2]

Populariteten til «Tennessee Waltz» gjorde han til den fjerde offisielle delstatssongen til Tennessee i 1965.

Tidlege versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Tennessee Waltz
Singel av Patti Page
A-side

Boogie Woogie Santa Claus

B-side

«Long, Long Ago»
(1951-utgåva)

Språk engelsk
Utgjeve November 1950
Innspelt November 1950
Sjanger Country
Lengd 3:06
Selskap Mercury
Komponist Pee Wee King
Tekstforfattar Redd Stewart
Patti Page-kronologi 
«So in Love»
(1950)
The Tennessee Waltz «Would I Love You»
(1951)


Pee Wee King, Redd Stewart og Golden West Cowboys var på reise til Nashville «nær jul i 1946» då King og Stewart, som køyrde i ein lastebil som frakta utstyret til gruppa, høyrde Bill Monroe syngje den nye songen sin «Kentucky Waltz» på radio. Stewart fekk ein idé om å skrive ein Tennessee-vals med å bruke melodien til King sin kjenningsmelodi: «No Name Waltz», og skreiv teksten på eit fyrstikkøskje etter kvart som han og King kom på teksten.[3] King og Stewart presenterte «Tennessee Waltz» til musikkforleggjaren Fred Rose dagen etter. Rose endra ei linje i teksten til Stewart: «O the Tennessee waltz, O the Tennessee Waltz» vart til «I remember the night and the Tennessee Waltz.»

Det gjekk ganske lang tid før Pee Wee King og hans Golden West Cowboys kom til å spele inn «Tennessee Waltz». Innspelinga vart gjort 2. desember 1947 i RCA Victor Studio i Chicago.[4] Songen kom ut på singelen Victor (20–2680) månaden etter.[5]

Acuff-Rose Music, forleggaren, registrerte ikkje opphavsretten til songen med ein gong då han vart presentert til selskapet av King og Stewart, og klarte ikkje å registrere eigarskapet til songen før i februar 1948.[6]

Ein versjon av Cowboy Copas, eit tidlegare medlem av Golden West Cowboys kom ut på King Records (King 696) to månader seinare i mars 1948.[7]

Begge singlane vart hittar på Top Ten C&W-lista. Lista vart då kjend som «Best Selling Folk Retail Records». Pee Wee King-utgåva nådde tredjeplassen på lista, medan Cowboy Copas-versjonen nådde sjetteplassen.[8][9]

Patti Page spelte inn songen – som «The Tennessee Waltz» – som B-side til julesongen «Boogie Woogie Santa Claus», som kom ut på Mercury Records mot slutten av 1950. Page valde sjølv å spele inn «Tennessee Waltz», som var ein favorittsong av far hennar, og av Jerry Wexler, som då var kritikar for Billboard. Wexler gjorde manageren til Page, Jack Rael, merksam på «Tennessee Waltz» i ei ny R&B-utgåva spelt inn av Erskine Hawkins. Page spelte inn «The Tennessee Waltz» i november 1950 i New York City med Rael som dirigent for orkesteret. Vokalen hennar vart spelt inn tre gonger og lagt oppå kvarandre for å skape ein tredelt harmoni. «The Tennessee Waltz» gjekk inn på pop-lista til Billboard den 10. november 1950 og vart liggande på lista i 30 veker. 30. desember 1950 gjekk songen heilt til topps på lista, og vart liggande der i ni veker. Etter dei første trykka vart «Boogie Woogie Santa Claus» erstatta av «Long Long Ago» som B-side. .) «The Tennessee Waltz» vart den største hitten til Page.[10][11] Snogen vart seinare gjeven ut på Page-albumet This Is My Song i 1957 og spelt inn på ny (i stereo med eit anna arrangement) i 1966 for albumet Patti Page's Greatest Hits.

Suksessen til Patti Page-versjonen førte til versjonar av Les Paul og Mary Ford (Capitol 1316) og Jo Stafford (Columbia 39065) som begge nådde topp 10 med sine versjonar - Stafford på 7. plassen og Paul/Ford på 6. plassen, i lag med hitten «Little Rock Getaway» på andre sida som nådde 18. plassen. The Fontane Sisters gjorde den første soloinnspelinga si med «Tennessee Waltz» i november 1950 i RCA Victor Studios i New York City. Denne nådde topp 20 på singellista i USA. I tillegg vart originalversjonen til Pee Wee King gjeve ut på ny og nådde då sjetteplassen på countrylista. Patsy Cline spelte òg inn «The Tennessee Waltz» for Decca i 1962.

Andre innspelingar vart gjort av Guy Lombardo and his Royal Canadians (Decca 27336), Petula Clark for den britiske marknaden og Chiemi Eri for den japanske.

I 1950, same året som Patti Page si innspeling, gav Spike Jones and his City Slickers ut ein parodi i ein duett med songarar som songen med jiddisk aksent.

Seinare versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ivo Robić spelte inn «Tennessee Waltz» i 1957 for albumet Cowboyske Pjesme.

«Tennessee Waltz» gjekk inn på listene hausten 1959 i ein rockabillyversjon spelt inn av både Bobby Comstock & the Counts og Jerry Fuller. Versjonane deira nådde høvesvis 52. og 63. plassen på Billboard Hot 100.

I 1962 gav Damita Jo ut «Tennessee Waltz» på singel.

I 1964 vart «Tennessee Waltz» spelt inn som ein rock and roll-ballade av Alma Cogan. Denne versjonen låg fem veker på toppen av den svenske singellista og nådde òg 14. plassen i Danmark, medan ein tyskspråleg versjon (med tekst av Theo Hansen) nådde tiandeplassen i Tyskland. Versjoenn til Cogan vart mal for eit arrangement av ein danskspråkleg versjon i 1974 kalla Den gamle Tennessee waltz» av Birthe Kjær, som låg 17 veker på topp 10 på den danske singellista og nådde toppen av lista. Eit liknande arrangement vart speltinn av dei svenske songarane Kikki Danielsson (Wizex (i 1978 på albumet Miss Decibel)[12]) og Lotta Engberg (i 2000 på albumet Vilken härlig dag)[13] og – med tysk tekst – av Heidi Brühl, Gitte, Renate Kern og Ireen Sheer.

Sam Cooke spelte inn ein versjon av «Tennessee Waltz» som gjekk dobbelt så raskt som originalen, for albumet Ain't That Good News. Han vart spelt inn 28. januar 1964 i RCA Studio i Hollywood. Albumet kom ut 11. mars 1964 og vart det siste albumet til Cooke med nytt materiale. «Tennessee Waltz» vart gjeven ut på singel, i lag med «Good Times», og vart den siste singelen som kom ut medan Cooke levde. «Tennessee Waltz», var opphavleg B-sida, men vart populær nok til å nå 35. plassen på singellista. Konsertalbumet Sam Cooke at the Copa frå oktober 1964 inneheld òg eit opptak av «Tennessee Waltz».[14]

Al Hirt gav ut ein versjon i 1965 på albumet hans, Live at Carnegie Hall.[15]

Ein franskspråkleg popversjon av songen, «Cette danse», vart spelt inn av den kanadiske songaren Renée Martel i 1965.

Ray Brown & the Whispers nådde fjerdeplassen i Australia i 1966 med ein rockabilly-versjon av «Tennessee Waltz» gjeven ut som «Tennessee Waltz Song».

I 1966 spelte Otis Redding inn ein versjon av «Tennessee Waltz» i lag med Booker T & the MGsR&B-albumet hans Complete & Unbelievable: The Otis Redding Dictionary of Soul, spelt inn i Stax Studio i Memphis i Tennessee.

Manfred Mann spelte ein versjon av songen på ein EP i 1966, som nådde toppen av EP-lista i Storbritannia.

I 1967 spelte Dobie Gray inn «Tennessee Waltz» som B-sida til «River Deep - Mountain High». Begge songane vart produserte og arrangerte av Leon Russell.

Johnny Jones frå Atlanta, som ei kort stund hadde erstatta Sam Cooke i The Soul Stirrers før Johnnie Taylor kom inn i gruppa, nådde 49. plassen på R&B-lista i 1968 med ein deep soul-versjon av «Tennessee Waltz» for produsenten Bobby Robinson sitt Fury Records.

I juli 1971 spelte Cymarron inn «Tennessee Waltz» på innspelinga for det sjølvoppkalla albumet deira produsert av Chips Moman i American Sound Studio i Memphis.

I 1972 spelte American Spring inn ein versjon av «Tennessee Waltz» produsert av Brian Wilson som opningsspor på debutalbumet deira, Spring.

David Bromberg tok med eit konsertopptak av songen i 1972 på albumet hans, Demon in Disguise, på Columbia Records.

Vidar Lønn-Arnesen skreiv ein norsk tekst til songen, som framleis hadde tittelen «Tennessee Waltz». Denne vart spelt inn av Lillian Askeland for albumet Countryfest i 1976.

Lacy J. Dalton spelte inn «Tennessee Waltz» i 1979 på det sjølvoppkalla debutalbumet, spelt inn i CBS Studio i Nashville. Han kom ut på singel i 1980 og nådde 18. plassen på countrylista i USA. Det var første gongen det skjedde for songen sidan 1951.

I 1983 var songen med på James Brown-albumet Bring It On (Churchill Records).[16]

R&B og boogie-woogie-pianisten og songaren Little Willie Littlefield spelte inn ein versjon av songen i 1990 på albumet Singalong with Little Willie Littlefield.

Norah Jones framførte «Tennessee Waltz» som ekstranummer på ein konert i House of Blues i New Orleans 24. august 2002. Han kmo ut som ekstramateriale på den påfølgjande DVD-utgåva av showet.

Leonard Cohen gav ut eit konsertopptak av «Tennessee Waltz» frå 1985 på albumet hans Dear Heather i 1985. Denne versjonen inneheld eit ekstra vers skriven av Cohen sjølv.

Belle and Sebastian nytta melodien til «Tennessee Waltz» på songen deira «Slow Graffiti».

Andre artistar som har spelt inn «Tennessee Waltz»: LaVern Baker (Woke Up This Mornin' 1993), Pat Boone (I'll See You in My Dreams/ 1962), Eva Cassidy (Imagine/ 2002), Holly Cole (Don't Smoke in Bed 1993), Connie Francis (Country & Western Golden Hits/ 1959), Emmylou Harris (Cimarron 1981), Tom Jones akkompagnert av The Chieftains (Long Black Veil 1995), (1995), Pete Molinari (Today, Tomorrow and Forever 2009), Anne Murray (Let's Keep It That Way 1978), Elvis Presley, Billie Jo Spears (Country Girl 1981), Lenny Welch, Kitty Wells (Kitty's Choice/ 1960), Dottie West (Feminine Fancy/ 1968), Margaret Whiting (Margaret/ 1958),[17] Broadway's Kerry Conte og Mike Rosengarten (An Evening With... Vol. 1/ 2019).[18]

Kelly Clarkson framførte songen under Grammyprisutdelinga i 2013 som ein hyllest til Patti Page.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Arkivert 19. april 2012 ved Wayback Machine.
  2. Williams, Bill «Country Cross-Over to Pop Grows» Billboard 28. desember 1974, Section 2, pp. 4, 46, page 46
  3. Hall, Wade (1996). Hell-Bent for Music: the life of Pee Wee King. University Press of Kentucky. s. 146, 147. ISBN 0-8131-1959-6. 
  4. http://countrydiscoghraphy2.blogspot.com/2015/07/pee-wee-king.html Prague Frank's country discography Henta 17. november 2020
  5. Advance record Releases. Folk. Billboard 24. januar 1948 page 69
  6. Restless Giant: The Life and Times of Jean Aberbach and Hill and Range Songs. Bar Biszick-Lockwood. University of Illinois Press, 2010 page 133
  7. King records advertisement «New King releases» Billboard 20. mars 1948 page 31
  8. Billboard 4. september 1948 s. 31
  9. Billboard 14. august 1948 s. 31
  10. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940–1955. Record Research. ASIN B0006VV23M. 
  11. Schoemer, Karen (2006). Great Pretenders: My Strange Love Affair With '50s Pop Music. Thorndike Press. ISBN 978-0786287123. 
  12. «Svensk mediedatabas». Smdb.kb.se. Henta 10. juni 2011. 
  13. «Svensk mediedatabas». Smdb.kb.se. Henta 10. juni 2011. 
  14. Guralnick, Peter (2005). Dream Boogie: the triumph of Sam Cooke. New York NY: Little Brown & Co. s. 546–7, 596–7. ISBN 0-316-37794-5. 
  15. «Al Hirt – Live at Carnegie Hall (Vinyl, LP, Album)». discogs. Henta 17. november 2020. 
  16. «JAMES BROWN bring it on, LP released on 1983 on label churchill / augusta». Groovecollector.com. Henta 17. november 2020. 
  17. «Archived copy». Arkivert frå originalen 27. mai 2012. Henta 5. september 2009. 
  18. «Kerry Conte records Tennessee Waltz». 
  19. «Kelly Clarkson, The Black Keys, more warm up for 55th Grammy Awards». The Tennessean. 8. februar 2013. Henta 17. november 2020.