Tennskjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tennskjer (Tennskjær) er ei bygd som ligg lengst nord på Lenvikhalvøya i Lenvik kommune i Troms. Frå bygda går det veg sørover langs begge sider av halvøya. Langs Gisundet på vestsida kan ein fylgje Fv 263 via Bjorelvnes, 39 km til Finnsnes og på austsida går Fv 265 15 km til Rossfjordstraumen.

På grunn av plasseringa midtvegs i Malangsfjorden er Tennskjer eit viktig knutepunkt i kommunen. Staden har snøggbåtsamband med Tromsø (Tromsø-Vikran-Tennskjer-Lysnes), fem dagar i veka. Det går òg bussar til Finnsnes, både via Bjorelvnes og Rossfjord. Bussane korresponderer med snøggbåtavgangane, og dermed er turen om Tennskjer ei alternativ og rimeleg reiserute mellom Finnsnes og Tromsø.

Tennskjer har postadresse 9302 Rossfjordstraumen, og høyrer til Rossfjord skulekrins. Næraste butikk er anten i Rossfjordstraumen (søraustover) eller i Kårvikhamn (sørvestover).

Grunnkrins[endre | endre wikiteksten]

Tennskjer grunnkrins høyrer til Rossfjordområdet, og femner bygdene Tennskjer og Jøvik på nordsida av Lenvikhalvøya.

Innbyggjarar [1]:

2000
2005
2007
64
70
54

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. SSB

Denne artikkelen byggjer på «Tennskjær» henta frå Wikipedia på bokmål 28. juni 2007.