Teo Otto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teo Otto

Statsborgarskap Tyskland, Sveits
Fødd 4. februar 1904
Remscheid
Død

9. juni 1968 (64 år)
Frankfurt am Main

Yrke kunstnar, skribent, universitetslærar, kostymedesignar, scenograf, kunstmålar
Språk tysk
Teo Otto på Commons

Teo Otto eller Theo Otto, eigenleg Theodor Karl Otto (4. februar 19049. juni 1968), var ein tysk scenograf og kunstmålar, fødd i Remscheid i Tyskland og avliden i Frankfurt am Main etter ei hjarteinfarkt. I løpet av livet hadde Teo Otto arbeidd med meir enn 800 teaterproduksjonar.

Teo Otto byrja som kunstmålar og hadde si fyrste utstilling med målarstykke under ein sommarfest på folkehøgskulen Volkshochschule Remscheid i Remscheid, der òg Käthe Kollwitz, Otto Pankok, Gert Wollheim og Christian Rohlfs var representerte. I tida 1923 til 1926 studerte han måleri og skulptur på kunstakademiet i Kassel hjå Ewald Dülberg (1888-1933), lagde scenedekorasjonar og hadde eit studieopphald i Paris. Han arbeidde saman med målaren Giorgio de Chirico, den ungarskfødde målaren, fotografen og scenografen László Moholy-Nagy og målaren, bilethoggaren og scenografen Oskar Schlemmer, vart kjend med komponisten Igor Stravinskij og forfattaren Bertolt Brecht, og møtte den tysk-jødiske poeten Else Lasker-Schüler.

Men i 1933 fekk Teo Otto yrkesforbod av dei nazistiske styremaktene i Tyskland etter å ha gått ut mot dei offentleg, og emigrerte til Sveits. Her lagde han scenedekorasjonar for det legendariske teateret Zürcher Schauspielhaus i Zürich, som vart som ein tilfluktsstad for tyskspråklege teater i tida fram til den andre verdskrigen var over. På Zürcher Schauspielhaus kom han til å verte heilt fram til han avleidd i 1968. Han stod her mellom anna for scenografien til fleire uroppføringar av Bertolt Brechts skodespel, soleis i 1941 for skodespelet Mutter Courage und ihre Kinder (Mor Courage og borna hennar).

Etter krigen vart Teo Otto den mest etterspurde scenografen innanfor tyskspråkleg teater. Han arbeidde mellom anna for Salzburger Festspiele og Wiener Burgtheater, men òg for scener i New York, Paris, London, Israel og fleire andre stader. Arbeida hans for skodespelaren, iscenesetjaren og intendanten Harry Buckwitz, namngjeten for sine oppsetjingar av Bertolt Brechts skodespel, vart ein rettesnor for den vest-tyske Brecht-tolkinga.

Teo Otto Theater (det tidlegare Stadttheater) i Remscheid i Tyskland fekk namn etter Teo Otto den 30. september 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]