Teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk er ein teori sett fram av Jostein Budal. Etter denne teorien er norsk eit tonespråk og ikkje eit tonelagsspråk (engelsk pitch-accent-language), dvs. tone i norsk er uavhengig av trykk.

Budal sin teori[endre | endre wikiteksten]

Etter Budal har norsk fem ulike tonemønster, eller melodiar, og ikkje to tonar. Skalaen ser slik ut:

  • Høgtone(lag)
  • Plusstone(lag)
  • Grunntone(lag)
  • Minustone(lag)
  • Lågtone(lag)

Skalaen har ei symmetrisk utforming ved at grunntonen fungerer som symmetriakse. Dei andre tonane høyrer saman to og to i ein meiningsakse. Høgtonen (den høgaste tonen i bruk) og lågtonen (den lægste tonen i bruk), kan seiast å vera yttertonar som ikkje skaper hovudmeiningsskilnader seg i mellom. Det same gjeld for plusstonen og minustonen. Dei går under samlenamnet mellomtonar. I prinsippet har difor språket eigenleg berre tre tonar for skaping av hovudmeining: yttertone, mellomtone og grunntone.

Kvart ord kan ha både ei hovudmeining og ei nyansert meining. Det heng saman med at kvar stavingstone kan velja mellom tre toneplasseringar: Som grunntone - med tone over symmetriaksen (grunntonen), - og med tone under denne. Dette gjev grunnlag for toneomrokkeringar, men dette skjer ikkje på slump. Dei er knytte opp til tydelege meiningsnyanseringar.

Som eit instruktivt døme på at norsk har fleire enn to tonar kjem Budal med dette dømet:

  1. til trua = det høyrer med til trua å gjera gode gjerningar.
  2. til trua = ulvar høyrer med til trua (truga – truede) dyreslag.
  3. tiltrua = han betalte med tiltrua (tiltruga – tiltruede) pengar.
  4. tiltrua = tiltrua til denne personen var stor.

I og med at desse fire frasene har ulik tyding, og dei skil seg frå kvarandre berre ved tonale middel, må norsk ha minst fire tonar. Til dette eksempelsettet konkluderer Budal " a) Trykk og tone er ikkje same sak og har ulike oppgåver i språket. Språktonane skaper meiningar, trykket nyanserer dei – språktonane er konstante, trykket er variabelt. b) Trykket brukar, hektar seg på, dei språktonane som er der frå før – ved å gjera stavingar lengre." (Budal 2003)

Dei fem grunnleggjande tonane går inn i ulike tonemønster. Dette omgrepet blir brukt for å definere omgrepet "ord". Viss t.d. ordet klasse (med mellomtonemønster) og ordet bilete (med troppemønster), står ved sida av kvarandre, vert dei oppfata som sjølvstendige einingar: klasse, bilete. Men går dei saman i eit samla mønster – klassebilete -, vert dei oppfata som eit nytt ord med ei ny meining. Stavingane er med andre ord tonale byggjesteinar for ord, og ved hjelp av tonemønster kan ord definerast. Av slike er det etter teorien minst sju:

  1. ) Grunntonemønsteret byrjar med ein eller fleire grunntonar, og endar med ein eller fleire yttertonar: sosial, betala.
  2. ) Yttertonemønsteret har berre yttertonar: vegen, traktoren.
  3. ) Mellomtonemønsteret endar på to mellomtonar og kan ha ein eller fleire grunntonar i forkant av desse: karantene, (å) slita.
  4. ) Troppemønsteret byrjar med ein mellomtone som kan ha ein eller fleire grunntonar i forkant av seg. Mellomtonen vert etterfylgd av ein eller fleire yttertonar: stortinget, skyskrapar.
  5. ) Framtoningtsmønsteret byrjar med ein eller fleire yttertonar og endar med ein eller fleire grunntonar: B-gjengen, gåstolen, ein mann (ein er talord).
  6. ) Pyramidemønster med yttertone på toppen byrjar og endar med grunntone eller tonar, og har på pyramidetoppen minst ei staving på yttertonenivå: sosialdepartementet, kvadraturen.
  7. ) Pyramidemønster med mellomtone på toppen byrjar og endar med grunntone eller tonar, og har oftast to mellomtonar på pyramidetoppen: morenelag, gå-innpå-leiken..

Det finst også fleire slike mønster.

Budal er skeptisk til empiriske målingar av tone. "Tonesystemet i eit språk har med meining å gjera. Om den kan ikkje eit intstrument fortelja oss noko, det kan berre menneskehjernen"[1].

Kritikk av Budal sin teori[endre | endre wikiteksten]

Budal sin teori har vorte kritisert av Jardar Eggesbø Abrahamsen i Norsk Lingvistisk Tidsskrift. Den viktigaste kritikken er at Budal eksplisitt forbyd instrumentell etterprøving av dei fonetiske realitetane i talesignalet (måling av F0-kurver). Når Eggesbø Abrahamsen likevel analyserer Budals eigne data instrumentelt (lydfiler publiserte m.a. på CD i Budal 2004), viser det seg at dataa korkje samsvarer med teorien eller med den konkrete omtalen som Budal sjølv gjev av talesignalet.

Standardanalysen av Budal sine døme med til trua osb. ovanfor er at vi har eit samspel av tone og trykk: Dei to første døma har trykk på andre stavinga, dei to siste har trykk på første staving. Budals analyse er òg problematisk fordi han legg til grunn at alle norske dialektar har det same tonale systemet, dvs. at alle norske dialektar kan uttala alle ord med eksakt identisk tonefall.

Eit anna problem med Budal sin teori er konsekvensane av at han lausriv tone og trykk. I tonespråk er tone uavhengig av trykk. For norsk seier standardanalysen at trykk og tone heng saman. Tone i norsk er leksikalsk, definert for kvart einskild leksem. Dermed får vi minimale par som 2gassen (av (ein) gasse) men 1gassen (av gass). Men til skilnad frå tonespråk mistar norsk distinksjonen orda i mellom når dei mistar hovudtrykket: Det konstruerte ordet vaffelgassen kan tyde "ein gasse som er glad i vaflar" eller "ein gass vi bruker til å steike vaflar med". I og med at nest siste stavinga har bitrykk og ikkje hovudtrykk er opposisjonen orda imellom forsvunnen, dei blir rett og slett uttalt likt. Dette er ein direkte konsekvens av at tone er avhengig av trykk: Utan trykk blir toneopposisjonen mellom gass-en og gasse-n nøytralisert. I Budals teori må kvar samansetjing få sitt eige tonemønster, i og med at han tek avstand frå at trykk er eit relevant (ev. i det heile teke eit språkleg reelt) fenomen. Problemet med denne tilnærmingsmåten er at det blir mange mønster etter kvart, og vanskeleg både å avgrense dei og å gje definisjonar (ut over det nominelle) av dei ulike mønstra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Budal: Tankar om bruk av instrumentalfonetikk

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Abrahamsen, Jardar Eggesbø. 2006: «Jostein Budal: Fem tonar (2002) og A symmetrical tone language – Norwegian (2004)». Norsk Lingvistisk Tidsskrift 1/2006. Oslo: Novus. 81–104. nettversjon
  • Budal, Jostein 1969: "Norsk, eit symmetrisk tonespråk?" Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskab 23, s. 97 – 113.
  • Budal, Jostein 2002: Norsk, eit symmetrisk tonespråk [http://www.symmetritonespraak.no/ Online tilgang via Internett (World Wide Web). Finst også i trykt utg. på Unipub forlag med tittel: Fem tonar
  • Budal, Jostein 2003: Har me berre to tonelag i norsk? "Gudbrandsdølen Dagningen" (GD) den 31. mars 2003.
  • Budal, Jostein 2004: A symmetrical tone language - Norwegian. Unipub skriftserier.
  • Budal, Jostein 2007: Tonar i skandinaviske språk. Unipub forlag.
  • Pike, Kenneth L.: Tone languages, University of Michigan Press, 1948 og i fleire utgåver seinare.