Teorien om overveid handling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Teorien om overveid handling (Theory of Reasoned Action, TRA), er ein helseåtferdsmodell utvikla av Martin Fishbein og Icek Ajzen i 1975 [1], og har sitt utspring i den sosialpsykologiske tradisjonen. I følgje denne teorien er intensjon til handling den viktigaste prediktoren for om eit individ vil utføre ei handling eller ikkje. Teorien prøver å gje ei forklaring på korleis haldningar og subjektive normer verkar inn på intensjon til handling. TRA har vore mykje brukt innan helsepsykologi, men også andre felt som risikopersepsjon og forbrukaråtferd har nytta modellen.


Forklaring og døme[endre | endre wikiteksten]

TRA foreslår at ein person sin åtferdsmessige intensjon er avhengig av personen si haldning til åtferda og dei subjektive normene personen opplev som retta mot åtferda. Altså, ein person si viljestyrte åtferd kan predikerast av personen si haldning til åtferda og korleis personen trur at andre vil tenkje om han/ho viss han eller ho utfører åtferda.

Teorien er sett saman av følgjande tre hovudkomponent:

1) Haldningar: summen av dei overbevisingane eller trua ein har om ei bestemt åtferd eller handling. Døme: Ein person som røyker kan til dømes ha ei overbevising om at røyking er helseskadeleg, at røyking gjer rynker og dårleg ande, samtidig kan ein ha ei overbevising om at det er vanskeleg å slutte å røyke og om at ein treng røyk for å slappe av. Kvar av desse overbevisingane kan vektleggast ulikt av individet.

2) Subjektive normer: handlar om den innverknaden menneske i eit sosialt miljø har på eit individ sine åtferdsmessige intensjonar. Dette er altså dei overbevisingane andre har om ei spesifikk åtferd eller handling. Døme: Ein kan til dømes ha venner som er opptekne av at røyking er helseskadeleg og stadig argumenterer for kvifor ein bør slutte. Samtidig kan ein ha andre venner som røyker sjølve og ikkje legg særleg vekt på helseskadar som følgje av røyk, og dermed stadig tilbyr deg ein sigarett. Dei subjektive normene kan og tilleggast ulik vekt avhengig av korleis individet attribuerer til kvar av dei.

3) Åtferdsmessig intensjon: Dette er i følgje Fishbein & Ajzen ein funksjon som består av både haldningar retta mot åtferda og subjektive normer som er retta mot denne åtferda. Åtferdsmessig intensjon har gjennom forsking vist seg å vere ein god prediktor for åtferd. Døme: Dine haldningar retta mot røyking kombinert med dei subjektive normene til røykeslutt, kvar av desse med kvar si vektlegging, vil føre til din åtferdsmessige intensjon om å slutte å røyke, eller eventuelt fortsette med det, dette vil vidare føre til den faktiske åtferda.

Modell[endre | endre wikiteksten]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

TRA har vore mykje brukt innan helsepsykologi, men også andre felt som risikopersepsjon og forbrukaråtferd har nytta modellen. Modellen har vore testa på fleire måtar innan fleire fagfelt, mellom anna slanking, kondombruk, konsumering av genmanipulert mat og avgrensing av eksponering for sol.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre teoriar har også Teorien om Overveid Handling fått ein del kritikk. Sheppard et al [2] legg vekt på tre avgrensande vilkår i høve følgjande punkt:

1) bruken av haldningar og subjektive normer for å predikere intensjonar

2) bruken av intensjonar for å predikere utføring av åtferd.

Begrensingane er som følgjer:

1) Mål versus åtferd: skilje mellom ein målrelatert intensjon og ein åtferdsmessig intensjon.

2) Val mellom alternativ: tilstadevering av ulike val kan dramatisk endre prosessen bak formeiring av intensjon og rolla intensjon spelar ved utføring av åtferd.

3) Intensjon versus vurderingar: det finst situasjonar der det ein har intensjonar om å gjere og der ein faktisk forventar at ein gjer er ganske ulikt.

Eit argument for dette er at over halvparten av forskinga som har gjort nytte av modellen har undersøkt aktivitetar som modellen i utgangspunktet ikkje var tiltenkt. Dei fann likevel at modellen viste seg å fungere godt i høve til predikering av mål og av predikering av aktivitetar som inneber eit val mellom alternativ. Dei kunne difor konkludere med at modellen har sterk predikerande nytte, også når den nyttast til å undersøke situasjonar og aktivitetar som ikkje fell innanfor rammevilkåra som originalt var tiltenkt modellen. Dei legg likevel vekt på at vidare modifisering og utviding av modellen vil vere nødvendig.

Utviding[endre | endre wikiteksten]

Teorien om overveid handling har av Ajzen sjølv blitt revidert og utvida til Teorien om planlagt åtferd (Theory of planned behavior). I denne utvidinga har han tatt med ein hovudprediktor til, ”oppfatta åtferdsmessig kontroll. Denne komponenten omhandlar i kor stor grad individet sjølv har tru på at han eller ho kan utføre ei bestemt handling.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fishbein, M., & Ajzen, I. (1975). Belief, attitude, intention, and behavior: An introduction to theory and research. Reading, MA: Addison-Wesley
  2. Sheppard, B. H., Hartwick, J., & Warshaw, P.R (1988). The theory of reasoned action: A meta-analysis of past research with recommendations for modifications and future research. Journal of Consumer Research, 15, 325-343

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fishbein, M., & Ajzen, I. (1975). Belief, attitude, intention, and behavior: An introduction to theory and research. Reading, MA: Addison-Wesley.
  • Sheppard, B. H., Hartwick, J., & Warshaw, P.R (1988). The theory of reasoned action: A meta-analysis of past research with recommendations for modifications and future research. Journal of Consumer Research, 15, 325-343.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]