Teppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islandsk sengeteppe frå 1700-talet.

Teppe er eit større stykke tekstil eller liknande som kan brukast til å dekka bakken, veggar, møblar, personar og anna med. Det kan vera meint for isolasjon, pynt eller som symbol. Eit teppe er gjerne vove eller knytta og er typisk firkanta, men kan ha mange ulike fasongar, mellom anna tilskore for å dekka heile golvflata i eit rom. Tradisjonelt har ein knytta, vevd, strikka, hekla og sydd eller brodert teppe.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Elefant og hestar med teppe i eit indisk måleri frå 1600-talet.

Til folk, dyr og møblar[endre | endre wikiteksten]

Folk bruker ofte teppe til å ha over seg når dei kviler eller søv, kjende som til dømes pledd, lureteppe eller slumreteppe. Sengeteppe kan vera teppe ein ligg under i senga eller meir av ein dekorasjon for ei oppreidd seng som ikkje er i bruk.

Teppe kan også brukast som draperte klede som til dømes kapper eller skjørt. Ein finn døme på dette blant keltarar (kilt, earasaid, brat[1]) og amerikanske urfolk (buffalo robe,[2] trade blanket,[3] manta).

Ein kan også bruka teppe på dyr, til dømes dekken og salteppe til hestar, kamelar, elefantar og så vidare.

På veggar og som forheng[endre | endre wikiteksten]

Innreiing med orientalske teppe på veggar, bord og golv.

Teppe kan hengast opp på veggar eller i rom som skjermar, dekorasjonar og for isolasjon.

Veggteppe er lette å transportera og er derfor ein nyttig dekorasjon for omflakkande grupper, anten dei er nomadar eller herskarar med omreisande hoff. Inne i viktige telt har ein ofte brukt fine teppe til dekorasjon. Eit døme på dette er frå skildringa av Tabernakelet i Bibelen, som fortel korleis inngangsteppet og forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage skal vera.[4]

Sentralasiatisk kultur har ein lang tradisjon for å bruka teppe til pynt og arkitektur, og har teke i bruk teknikkar som knytting, veving, trykking og broderi. I Mogulriket og kringliggjande område kunne eliten pynta med teppe som panel (qanat) eller skjermar (parda) både inne i telt, utandørs i teltleirar og rundtom palassrom som søylehallar. Teppene kunne vera dekorerte med blomar, personar eller meir abstrakte motiv.[5] Moderne døme på dekorerte veggteppe i telt er mellom anna teppe til jurtar broderte med stiliserte mønster av kasakhiske kvinner.[6]

'Det nye Jerusalem'. Del av Apokalypse-teppet frå 1300-talet.

Figurative biletteppe er kjende frå antikken - Iliaden fortel til dømes at Helena av Troja broderer Trojakrigen på eit teppe, medan Sampul-teppet er ein bevart biletteppedel frå 200- eller 100-talet f.Kr. som viser ein kentaur og ein soldat. Teppet er i hellenistisk stil, og truleg laga i Sentral-Asia. Hestia-teppet er eit bevart bysantinsk biletteppe laga på 500-talet, truleg i i Egypt, og viser Hestia Polyolbos. Frå seinare europeisk mellomalder kjenner ein mellom anna til det broderte Bayeuxteppet og vovne teppe, ofte gobelengar, som Baldisholteppet, Överhogdalstapeten, St. Gereon-teppet og La Dame à la licorne ('Kvinna og einhjørningen'). Biletteppa kan ha vore viste fram i kyrkjer eller brukt til å dekorera husa til adelsfolk. Tekstil veggklednad blei ettervkart kjend som tapet, og gjekk over til å vanlegvis vera laga av papir på 1800-talet.[7] Det blir likevel også laga tekstil veggkunst i mange ulike teknikkar, som vevnad, broderi, lappeteknikk, quilting og anna.

På teaterscener og liknande kan ein bruka teppe til dekorasjon bak scena, bakteppe, ulike teppe som kan skjula eller endra utsjånad delar av scena, og til å skjula heile scena frå publikum, sceneteppe. Eit sceneteppe kan haldast oppe av utøvarane i nokre tradisjonelle teatertypar, eller vera permanent opphengd over scena. Jernteppe til scenebruk er ein nedsenkbar vegg av jern eller glasfiber som blei utvikla for å hindra spreiing av brann i teater.[8]

På bakken[endre | endre wikiteksten]

Golvteppe i 'Openberringa' frå 1400-talet av Pedro Berruguete

Teppe kan leggjast laust på bakken ute eller inne for å danna eit betre eller finare underlag til å gå eller vera på. Bedeteppe eller bøneteppe blir brukt under bøn i islam. Det skil den bedande frå bakken, og viser bøneretningen.[9] I sentralasiatisk kultur er teppe breidde ut på bakken ein vanleg måte å servera mat på. Dei er mellom anna kjende som sofreh eller dastarkhan.[10] Ein kan også bruka teppe til å sitja på. Liknande bruk er kjend frå piknikar og turar over heile verda. Teppe kan også leggjast ut for å laga ei særskild overflate å gå på. Raud løpar å gå på for utvalde er eit døme på dette.

Elles kan golvteppe dekkja ein del av eit golv, som ei matte, løpar eller eit anna avgrensa teppe, eller heile golvflata som eit tilskore vegg-til-vegg-teppe. Slike teppe kan vera enkelt laga av billige, gjerne gjenbrukte tekstilar, som filleryer, eller vera svært flotte og dyre, som handknytta persiske teppe. Den sistnemnde typen har inspirert forteljingar om magiske, flygande teppe.

Ordsoge og overført tyding[endre | endre wikiteksten]

Laugsleiarar med teppe på bordet. Måleri av Gerbrand van den Eeckhout frå 1673.

Ordet for teppe på norrønt var tapit.[11] Det noverande ordet er kome gjennom lågtysk tappet, teppet, som blei oppfatta som ei bestemt form på dansk og norsk slik at ein nydanna ordet teppe som ubestemt form. Ordet kjem opphavleg frå latin tapete, tapetes, tapetium eller tapetum, bøyisngsformer av tapes. Det greske opphavsordet er tapes (τάπης) med diminutivsforma tapetion (ταπήτιον). Rota har også gjeve opphav til ordet tapet.[12]

I overført tyding kan ein omtala andre mjuke overflatar som minnar om teppe som dette,[11] til dømes blometeppe, grasteppe, røykteppe, skoddeteppe eller eit teppe av snø.

Uttrykket om å «[kalla nokon inn] på teppet» tyder at ein tek opp ei sak i eit møte, gjerne nokon si oppførsle og ofte for å få ei irettesetjing. Det viser opphavleg til det tjukke teppet (duken) som dekkja borda til rådsmøte.[13][14]

Å «feia noko under teppet» viser til å skjula noko ubehageleg og håpa at det skal bli forbigått eller gløymd.[13] Det inngår i omgrepet at problema lett kan dukka opp att sidan.[11]

«Jernteppe» er gått inn i språket både som eit omgrep for å totalt gløyma noko, og som bilete på den avstengde grensa mellom Vesten og Aust-Europa under kommunismen. Den tilsvarande avsondringa i Asia er blitt omtalt som bambusteppe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brat», NATIVE CLOTHING, http://mcginleyclan.org/nativeclothing.htm 
  2. Decorated Robes of the Plains Indian
  3. Indian Trade Blankets, collectorsguide.com
  4. Andre Mosebok, http://www.bibel.no/Nettbibelen?query=utY2AwCVpP5hb7pn9FUBs4+JH4r46GeBeVwe4Qi3a5ZYlhCCUgIVAkliGILrjSXF ; Flekkerøy kirke - har nå fått alterteppe, http://www.flekkeroy.no/kirken40emj.htm, henta 10. mai 2016 
  5. Rosemary Crill, Textiles and architecture in India, 7. desember 2015 vam.ac.uk; Tent panel; Panel from a Tent Lining (Qanat); Tent Hanging (qanat), risdmuseum.org; Rare, Complete, Mughal Fifteen-Panel Tent Hanging (Qanat), michaelbackmanltd.com
  6. 48 The Portrait - Kazakh embroidered wall hangings, iias.asia
  7. Kjellberg, Anne (16. desember 2011), «Tapet», Store norske leksikon, https://snl.no/tapet 
  8. Jernteppe: brannhindring (10. februar 2013). Store norske leksikon; [http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/Jernteppe-eller-hjerneteppe/
  9. Bowker, John (2000), «Sajjāda», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780192800947.001.0001/acref-9780192800947-e-6253 ; «Bedeteppe», Store norske leksikon, 14. februar 2009, https://snl.no/bedeteppe 
  10. https://nomadrugs.com/product/dastarkhan-8/ Lot 401 - An exceptionally large Mughal quilted Chandini (dastarkhan) Northern India, 18th Century, https://www.bonhams.com/auctions/17854/lot/401/ 
  11. 11,0 11,1 11,2 «Teppe» i Nynorskordboka
  12. tæppe i Den Danske Ordbog; «tapis, n.», OED Online, Oxford University Press, March 2016, http://www.oed.com/view/Entry/197710? 
  13. 13,0 13,1 «carpet, n.», OED Online, Oxford University Press, March 2016, http://www.oed.com/view/Entry/28184?isAdvanced=false&result=1&rskey=rB3UXf& 
  14. Knowles, Elizabeth., red. (2005), «carpet», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780198609810.001.0001/acref-9780198609810-e-1320