Terai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flyfoto av sletter i Terai nær Biratnagar i Nepal.

Terai (nepali तराई, tarāī) er eit belte med myrlendte grassletter, savanner og skogar sør i dei ytre lågberga i Himalaya, Siwalik og Det nordindiske låglandet kring Ganges, Brahmaputra og sideelvane deira. Terai ligg innafor økoregionen Terai-Duar savanne og grassletter. I det nordlege India spreiar Terai seg austover frå Yamunaelva over Himachal Pradesh, Haryana, Uttarakhand, Uttar Pradesh og Bihar. Områda i Vest-Bengal, Bangladesh, Bhutan og Assam aust for Brahmaputra vert kalla Dooars.[1] Dei lågtliggande slettene i Terai ligg i ei høgd mellom 67 og 300 meter over havet. Nord for Terai stig Bhabhar, eit smalt men samanhengande skogbelte som er kring 8-12 km breitt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johnsingh A.J.T., Ramesh K., Qureshi Q., David A., Goyal S.P., Rawat G.S., Rajapandian K., Prasad S. 2004. Conservation status of tiger and associated species in the Terai Arc Landscape, India. RR-04/001, Wildlife Institute of India, Dehradun
  2. Bhuju, U.R., Shakya, P.R., Basnet, T.B., Shrestha, S. (2007), Nepal Biodiversity Resource Book. Protected Areas, Ramsar Sites, and World Heritage Sites, Kathmandu: International Centre for Integrated Mountain Development; Government of Nepal, Ministry of Environment, Science and Technology; United Nations Environment Programme, Regional Office for Asia and the Pacific, http://books.icimod.org/demo/uploads/ftp/Nepal%20Biodiversity%20Resource%20Book.pdf 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]