Teresa Ciepły

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teresa Ciepły

Teresa Ciepły under Sommar-OL 1964
Statsborgarskap Polen
Fødd 19. oktober 1937
Brodnia Górna
Død

8. mars 2006 (68 år)
Bydgoszcz

Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Språk polsk
Høgd 166 centimeter
Ektefelle Olgierd Ciepły
Teresa Ciepły på Commons

Teresa Barbara Ciepły, fødd Teresa Wieczorek, (19. oktober 19378. mars 2006) var ein polsk friidrettsutøvar frå Brodnia som tevla i ulike sprintøvingar. Ho vann OL-gull i 1964 med Polen sitt lag på 4x100 meter stafett og vart europameister i 80 meter hekk i 1962.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ciepły var ein av dei beste kvinnelege sprintarane i verda i i byrjinga av 1960-åra. Ho deltok for Polen i 4x100 m stafett under sommar-OL 1960 i Roma, og vart løna med ein bronsemedalje.

To år seinare vann ho to gullmedaljar i europameisterskapen i Beograd, fyrst i 80 meter hekkeløp og seinare i 4x100 meter stafett. I tillegg tok ho ein tredje medalje då ho sikra seg bronsen på 100 meter, bakom europameisteren Dorothy Hyman frå Storbritannia og vesttyske Jutta Heine.

Under sommarleikane 1964 i Tokyo vart Ciepły olympisk meister i 4x100 m stafett, saman med Irena Kirszenstein, Halina Górecka og Ewa Kłobukowska. I 80 m hekk vann ho sølvmedaljen på same tida, 10,5 sekundar, som olympiameisteren Karin Balzer frå Aust-Tyskland.

Ho var gift med sleggjekastaren Olgierd Ciepły.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]