Teresa av Ávila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Teresa av Ávila
Teresa of Avila dsc01644.jpg
Fødd28. mars 1515
FødestadÁvila, Castilla la Vieja Spania
Daud15. oktober 1582
DødsstadAlba de Tormes i Salamanca
Yrkefilosof, skribent, geistlig, lege
Helgendag15. oktober
VernehelgenSkytshelgen for Spania, erkebispedømmet Mexico, Ávila, Alba de Tormes og Napoli; for alle karmelittfellesskap; for spanske skribenter (1965), blondevevere, listmakere; i åndelig nød og for et indre liv, mot hjertelidelser og hodesmerter
Saligkåra24. april 1614
Helgenkåra12. mars 1622

Heilage Teresa av Ávila, også kjend som St. Teresa av Jesus (fødd Teresa Sánchez de Cepeda Davila y Ahumada28. mars 15154. oktober 1582) var ein spansk mystikar, karmelittnonne og forfattar under motreformasjonen. Ho er sidan utnemnd til katolsk helgen og kyrkjelærar.

Teresa var fødd i Ávila i Castilla. Ho fekk opplæring i klosteret Santa María de Gracia, der budde i nokre månader før ho måtte forlata det på grunn av dårleg helse. Då ho var tjue tok ho ei avgjerd om å gå i kloster, trass motstand frå faren.[1]

Ho var ein reformator av Karmelittordenen, og blir saman med Johannes av krossen rekna som grunnleggjar av Dei uskodde karmelittane.

I 1970 blei ho den første kvinna som blei utnemnd til kyrkjelærar. Saman med Katarina av Siena (1347–1380, også utnemnd i 1970) og Teresa av Lisieux (1873–1897, utnemnd i 1997) er ho ein av berre tre kvinner som er tildelt denne ærestittelen.

Blant hennar viktigaste verk er sjølvbiografien Boken om mitt liv[2] Den indre borgen (El Castillo Interior)[3] og Camino de Perfección ('Fullkomenheitens veg').[2] Desse bøkene blir rekna blant dei viktigste innan kristen mystisisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biografi på katolsk.no
  2. 2,0 2,1 Norsk tittel teken frå samlinga St. Teresa av Avila. Levende vann, Oslo, 1990.
  3. Den indre borgen; Efrem forlag
Spire Denne kristendomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.