Terese Pedersen
Terese Pedersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. april 1980 (44 år) Sandefjord |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 183 centimeter |
Terese Pedersen (fødd 27. april 1980), gift Hosking, er ein norsk tidlegare handballspelar frå Sandefjord som vart europameister tre gongar på rad i tida 2004-08, og elles fekk både VM-sølv og VM-bronse. Ho var målvakt på ei rad handballag i inn- og utland.
Pedersen spelte på Sandar IL til 1999, Larvik HK 1999-2001, IL Runar 2001-0?, Tertnes IL 200?-06, danske Randers HK 2007-09, Hypo Niederösterreich 2009-11 og på Byåsen IL 2011-14.
Pedersen debuterte på landslaget 3. august 2004 mot Sverige. I åra fram til 2009 var ho med i alle tre europameisterskapane og ditto verdsmeisterskap, ofte utan å få særleg mykje speletid. Ho sat på tribunen i begge EM-finalane 2004 og -06, men deltok i VM-finalen 2007. Til Sommar-OL 2008 i Beijing reiste ho som reserve, då heile den norske handballtroppen bestod av einast 12 spelar. Under EM 2008 i Makedonia i desember same året spelte ho så godt at ho fekk rolla som andremålvakt, og tok del i finalen saman med målvaktskollega Katrine Lunde. Pedersen fekk 15. desember 2009 notert sin 82. og siste landskamp, då Noreg slo Spania i bronsekampen i VM.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
- VM 2005: Nr 9 med Noreg
- EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland
- VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland
- EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania
- VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |