Teretistris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teretistris


Gulhovudparula, Teretistris fernandinaeFoto: Dominic Sherony
Gulhovudparula, Teretistris fernandinae
Foto: Dominic Sherony
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Teretistridae
Slekt: Teretistris
Vitskapleg namn
Teretistris
Cabanis, 1855

Teretistris er ei biologisk slekt av to fugleartar som har hatt uklår plassering innanfor den biologiske ordenen Passeriformes, sporvefuglar. Dei er endemiske til Cuba.

Dette er små, vevre insektetande sporvefuglar, begge artar ca. 13 centimeter i kroppslengd og med fjørdrakt dels i klår gulfarge og dels i kvitt til lyst grått.

Slekta var tidlegare rekna som medlem av parulafamilien, men frå 2017 er sett inn i sin eigen familie Teretistridae.[1]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Teretistris i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

  • Gulhovudparula, Teretistris fernandinae, Yellow-headed Warbler, Lembeye, 1850, (LC)
  • Orienteparula, Teretistris fornsi, Oriente Warbler, Gundlach, 1858, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 643, Teretistridae (Cuban Warblers), Cornell Lab of Ornithology
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 4. oktober 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Teretistris