Terevaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ma′unga Terevaka
vulkan
Land  Chile
Stad Påskeøya
 - høgd 507,41 moh.
 - koordinatar 27°5′4″S 109°22′46″W / 27.08444°S 109.37944°W / -27.08444; -109.37944
Vulkantype Skjoldvulkan
Siste utbrot Pleistocen
Kart
Terevaka
27°05′04″S 109°22′46″W / 27.084444444444°S 109.37944444444°W / -27.084444444444; -109.37944444444
Wikimedia Commons: Terevaka

Ma′unga Terevaka er den største, høgaste (507 moh.) og yngste av dei tre utdøydde vulkanane som utgjer Rapa NuiPåskeøya, ei chilensk øy i Stillehavet. Fleire mindre vulkankjegler og krater ligg i fjellsida på fjellet, mellom anna eit krater som inneheld ein av dei tre innsjøane på øya, Rano Aroi.

Kart over Rapa Nui som syner Terevaka, Poike og Rano Kau.

Terevaka utgjer størstedelen av Påskeøya, men øya har to eldre vulkanske fjell: Poike på austsida og Rano Kau på sørsida. Terevaka hadde det siste utbrotet sitt i pleistocen og er yngre enn 400 000 år gammal. Lavaslettene ved Roiho er daterte til å vere mellom 110 000 og 150 000 år gamle. Terevaka er heller vanskeleg å klatre, og er berre tilgjengeleg til fots eller på hest. Det er vindfullt på toppen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]