Terje H. Tretnes
Terje H. Tretnes | |
Fødd | 18. juni 1960 (62 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Samefolkets parti |
Yrke | politikar |
Terje Hallgeir Tretnes, kjend som Terje H. Tretnes, (fødd 18. juni 1960) er ein samisk politikar. Han er partileiar i Samefolkets parti, og var representant for partiet sitt i Det norske sametinget i periodane 2001-2005 og 2005-2009.
Tretnes var ein av medlemmane i den såkalla «firarbanden», dvs. ei gruppe på fire einpartirepresentantar som utgjorde delar av Norske Samers Riksforbund sitt parlamentariske grunnlag frå 2005 til 2007.
Tretnes var fyrstekandidat for Samefolkets parti i Ávjovárri valkrins ved sametingsvalet i 2009, men han vart ikkje innvald.[1]