Terje Krokstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Krokstad
Fødd 1. oktober 1956 (64 år)
Snillfjord
Yrke skiskyttar

Terje Krokstad (fødd 1. oktober 1956) er ein tidlegare skiskyttar frå Krokstadøra i Snillfjord. Han vann ein bronsemedalje under VM i skiskyting 1982 i Minsk, og vart norsk meister på 10 km same sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Krokstad fekk sin VM-debut i 1978, då han vart nummer 13 på 10 km. Han deltok for Noreg i Vinter-OL 1980 Lake Placid og vart nummer 17 på 10 kilometer. To år seinare tok han bronsemedaljen på 20 km under verdsmeisterskapen i Minsk, bakom verdsmeisteren Frank Ullrich som representerte DDR og landsmannen Eirik Kvalfoss. Krokstad var på plass under Vinter-OL 1984 Sarajevo, der han enda opp med verte nummer 18 på 20 km.

Krokstad vart norsk meister på 10 km på Steinkjer i 1982, og tok elles tre individuelle sølvmedaljar og like mange bronsemedljar under noregsmeisterskapane i tida 1978-85.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]