Terje Moe Gustavsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Moe Gustavsen
Terje Moe Gustavsen 2010.jpg
Fødd 20. oktober 1954
Larvik
Død

4. mai 2019

Yrke politikar

Terje Moe Gustavsen (fødd 20. oktober 1954 i Larvik, død 4. mai 2019)[1] var ein norsk embetsmann og Ap-politikar. Frå 12. november 2007 var han vegdirektør og øvste leiar for Statens vegvesen.

Gustavsen var statssekretær ved Statsministerens kontor i Regjeringa Jagland i 1997 og samferdsleminister i Regjeringa Stoltenberg I frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001.[2][3]

Gustavsen arbeidde i ulike stillingar i Postverket mellom 1970 og 1987. Frå 1981 til 1987 hadde han verv som sekretær, nestleiar og leiar i Oslo-avdelinga av Den norske Postorganisasjon. Perioden 1987 til 1990 var han sekretær i Statstjenestemannskartellet og mellom 1990 og 1999 leiar i LO Stat (tidlegare Statstjenestemannskartellet). Han sat i sentralstyret til Arbeidarpartiet i 1992-1999.[1]

Mellom 1999 og 2000 var Gustavsen strategidirektør i Telenor Installasjon og Service. Frå 2002 til 2005 var han direktør i arbeidsgjevarforeninga NAVO, og var personaldirektør i SAS Braathens frå 2005 til 2007. I 2007 var han ein kort periode tilsett i Arbeidsgiverforeningen Spekter som spesialrådgjevar.

Blant fleire område i virket som vegdirektør var tryggleik i trafikken[4] eit innsatsområde som Gustavsen var spesielt oppteken av. Som leiar var han ein aktiv pådrivar i kampen mot trafikkulykker. Som samferdselsminister var det han som fremma Nullvisjonen for Stortinget, som vart vedteken i 2002.[5] Då Gustavsen overtok som vegdirektør i 2007 mista 233 livet på norske vegar. Talet hadde gått ned til 108 i 2018. Under Gustavsen var Noreg blitt eit føregangsland innan trafikktryggleik, og dei fire siste åra hadde Noreg den lågaste risikoen for å mista livet i trafikken i Europa, ifølge European Transport Safety Council.[6][treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Terje Moe Gustavsen». Stortinget.no. 
  2. «Thorbjørn Jaglands regjering». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. Henta 4. mars 2018. 
  3. «Jens Stoltenbergs første regjering». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. Henta 4. mars 2018. 
  4. «Trafikksikkerhet», Statens vegvesen (på bokmål), henta 29. mai 2019 
  5. «Nullvisjonen», Statens vegvesen (på bokmål), henta 29. mai 2019 
  6. «ETSC | European Transport Safety Council», etsc.eu, henta 29. mai 2019