Terje Ness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Ness
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1968 (55 år)
Førde
Yrke kjøkkensjef, kokk

Terje Ness (fødd 7. april 1968) er ein prislønna norsk kokk frå i Førde. Han er best kjend for sigeren i Bocuse d'Or i 1999 og som kokk for REMA 1000.[1][2]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Mor hans var diettkokk på sjukehuset i Førde. Ness gjekk i læra ved Sunnfjord Hotell 1987, fekk fagbrev 21 år gamal i 1989, var hjå Frode Aga ved HallingstueneGeilo og han var også i Hemsedal og Stavanger. Deretter arbeidde han hjå Eyvind HellstrømBagatelle frå 1994 til 2000, der han i 1997 vart kjøkkensjef. I eit eige arrangement vart han Årets kokk i 1997, noko som bringa han til Bocuse d'Or i 1999 som han då vann.

Ness gjekk i 2000 over til kjøkkenet ved Oro i Tordenskiolds gate saman med Björn Svensson, Sven Erik Renaa og Lise Finckenhagen. Oro, som betyr gull, fekk ei stjerne i Michelinguiden i 2001. Etter å ha vorten ueinig med eigarane Bengt Wilson og Lars Erik Underthun forlet han Oro i 2004 og starta i 2005 Haga restaurantHaga Golfpark. Haga Restaurant fekk det påfølgande året ei stjerne i Michelinguiden. I 2009 erverva han seg Oro på nytt.[3] Med mål om to stjerner etablerte han og den norske østerskokken Rune Mogens Pal (fødd 1968) frå 2011 Ondo mezzanineAker Brygge.[4][5] Med Pal dreiv han frå 2010 spisestaden Alfred på Aker Brygge i tilknyting til Nobels fredssenter til minne om Alfred Nobel, nedlagt i 2014.[6] Samarbeidet med Pal (som også innebar brasseriet Blanche) vart avsluttat våren 2013, noko som førte til at Ness berre fortsette som eigar og drivar av Oro.[7] Staden vart reopna etter dårlege tider i 2015 med Eyvind Hellstrøm på kjøkkenet.[8]

I 2012 vart han kokk for REMA 1000.[9] Same året begynte han også på eit samarbeid med det svenske Elektrolux (grunnlagt 1910) som lagar steikeomnar.[10]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Terje Ness, Bocuse d’or 1999 frå Sagaen om Bocuse d'Or.
  2. Terje Ness i Store norske leksikon.
  3. «Terje Ness tar over ORO». Hegnar Online. 6.5.2009. 
  4. Klar for å bruke minst 12 000 kroner på middag? i Dagens Næringsliv sitt magasin D2.
  5. Norges dyreste restaurant fikk ingen Michelin-stjerne i Dagbladet den 14. mars 2012.
  6. Alfred har stengt dørene i Oslo By
  7. Stjernekokker skiller lag i Oslo By den 12. mars 2013
  8. Anders Kemp, Tilbake med et smell i Dagens Næringsliv den 11. august 2015.
  9. Terje Næss Arkivert 2014-07-18 ved Wayback Machine. hos REMA 1000.
  10. Bocuse d’Or winner Terje Ness opens top restaurant in Norway frå Elektrolux.
  11. «Terje Ness - Sogn og Fjordane - Fylkeskulturprisen». NRK. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Min mat : det kokkene lager til seg selv : Terje Ness, Kari Innerå, Tom Victor Gausdal, Lars Erik Underthun, Trond Moi, Even Ramsvik, Jørn Lie , Norsk 1972- (Oslo: Intermekanika). ISBN 978-82-998219-5-7  [Forfatter Thomas Horne]