Terje Torkildsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Torkildsen
TorkildsenDetalj.jpg
Terje Torkildsen held foredrag på Garborgsenteret i 2011.
Nasjonalitet Norsk
Fødd 10. juni 1971 (47 år)
i Stavanger
Yrke Skodespelar, komikar, skribent, forfattar
Periode 2008-
Debut Marki Marco
Nettstad www.terjetorkildsen.no

Terje Torkildsen (fødd 10. juni 1971 i Stavanger)[1][2] er ein norsk skodespelar, komikar, miljøvernar, skribent og forfattar.[3]

Torkildsen er utdanna norsklektor[3] og skreiv hovudfagsoppgåve om forfattaren Jens Zetlitz.[4] Han har arbeidd som komikar sidan 1990-talet, med fyrste soloshow Morolog i 2002. Sidan 2003 har han fast spalte i Stavanger Aftenblad. Som skodespelar har han medverka i spelefilmane Mongoland, Alt for Egil og Monstertorsdag. I perioden 1998–2007 var han prosjektleiar i Miljøheimevernet og Grønn Hverdag. Ved kommunevalet i 2007 var han kandidat for Bymiljølista i Stavanger, frå 2011 har han vore varamann for Miljøpartiet Dei Grøne i kommunestyret. Han arbeider og som kåsør og foredragshaldar.

I 2008 debuterte Torkildsen som forfattar med ungdomsboka Marki Marco, utvikla i samarbeid med 10. klasse ved St. Svithun skole i Stavanger.[3] Boka vart løna med UPrisen 2009. Han har seinare gjeve ut ein serie ungdomsromanar i fire bind under samlenamnet Dystopia.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Marki Marco – Ungdomsroman
  • 2009 – Dystopia I – Ungdomsroman
  • 2010 – Dystopia II – Ungdomsroman
  • 2011 – Dystopia III – Ungdomsroman
  • 2012 – Dystopia IV – Ungdomsroman
  • 2014 – Arrfjes – Ungdomsroman

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. ««Terje Torkildsen (10.06.1971)»». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 22. mars 2013. 
  2. ««Terje Torkildsen - Ungdomsbøker for ungdom»». www.txt.no. Henta 22. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 ««Terje Torkildsen»». Nettstaden til Samlaget. Henta 22. mars 2013. 
  4. ««Retorikk og tematikk i Sange for den norske Bondestand av Jens Zetlitz / Terje Torkildsen»». BIBSYS. Henta 22. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]