Terje Tysland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Tysland

Fødd14. april 1951 (72 år)
FødestadNamsos
FødenamnTerje Ronald Tysland
OpphavNoreg
Aktiv1969–
SjangerTrønderrock
InstrumentSong, gitar, trekkspel
Verka somLåtskrivar, musikar

Terje Ronald Tysland (fødd 14. april 1951 i Namsos) er ein norsk musikar. Han debuterte i 1970 med rockegruppa Prudence og fortsette der fram til gruppa vart oppløyst i 1975. I 1977 byrja Tysland å gje ut plater som soloartist. Både Prudence og Tysland som soloartist er knytte til omgrepet trønderrock.

I 1988 medverka Tysland på «Rosenborgsangen» saman med Åge Aleksandersen, Diesel Dahl, Torstein Flakne, Dag Ingebrigtsen, Hans Rotmo og Ronni Le Tekrø. I 1994 medverka Tysland med songen «Landslagssangen» på den fotballhyllande samleplata Vi går for seier på trygge veier, med andre artistar som Jan Åge Fjørtoft, Nick Borgen, Stephen Ackles, Dag Ingebrigtsen og Kine Hellebust.

Tekstane hans er godt pakka inn i øl og bannskap, som han i eit intervju seier, men at folk flest misforstår og ser ikkje det djupe i tekstane hans. Tysland har låtane «Ka e du så gla fer», «Send mæ en øl», «Jubel og stas», «Hurra for mæ» og «Villt kjør og stor stas», og dei meir reflekterte «Æ såg jo en ainn' vei», «Kjærlighetsvise», «Rosa» og «Heile livet». Tysland er inspirert av amerikansk country og cajun.

Åge Aleksandersen sa i eit NRK-intervju som vart sendt i samband med dokumentaren om Prudence at Tysland fekk ikkje lov til å bidra med så mykje av eignekomponerte songar i tida som gitarist og trekkspelar i bandet. For Prudence har Tysland likevel skrive songen «Drunk and Happy», som er med på konsertalbumet til Tysland Best i levende live frå 1990.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Prudence
Studioalbum
Samlealbum
Konsertalbum
Singlar
  • Dørvakta/Stakkars klovn (1977)
  • Siss/Vill kjør og stor stas (1978)
  • No går de'på rævva (1982)
  • Flyr med alle vindan (1995 med Øivind Elgenes)
  • En jævel oppi senga (1997)
  • Dægger'n ka stilig (2000)
  • Flyg med alle vinda'n (2002 med Bjarne Brøndbo)
Andre deltakingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]