Termal sirkulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein termal sirkulasjon er ei luftrørsle som kjem av at varm luft stig i eine enden av sirkulasjonen, og kald luft søkk i andre enden, og på den måten skapar ei kontinuerleg sirkulasjonsrørsle. Termale sirkulasjonar oppstår òg i væsker.

Termale sirkulasjonar er ikkje avhengig av storleik, og dei kan oppstå på skalaer så små som eit lite rom eller på global skala. Hadleyceller er eit døme på ein termal sirkulasjon på global skala.