Terminalemulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
xterm, ein populær terminalemulator for Vindaugssystemet X

Ein terminalemulator, terminalapplikasjon, eller tty er eit program som emulerer ein dataterminal innanfor eit anna grafisk system. Vanlegvis blir ordet nytta synonymt med kommandolinjeskalet eller ein tekstterminal, men terminal dekkjer teknisk sett alle fjernterminalar, inkludert grafiske brukargrensesnitt. Ein terminalemulator i eit grafisk brukargrensesnitt blir ofte kalla eit terminalvindauge.

Eit terminalvindauge gir brukaren tilgang til ein tekstterminal og alle applikasjonane, som t.d. program med kommandolinjegrensesnitt og tekstgrensesnitt. Desse kan køyra anten på same maskina, eller på ei anna maskin over telnet eller ssh. På Unix-liknande operativsystem er det mogleg å ha eitt eller fleire terminalvindauge kopla til den lokale maskina.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.