Termodiffusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Termodiffusjon er ei delvis fråskiljing av isotopar (atom av same grunnstoff, men med ulik masse) i eit fluid (væske eller gass) på grunn av temperaturskilnader i fluidet. Metoden blir nytta for å opprike eit stoff på den lettare eller tyngre av to isotopar som er til stades i stoffet.

I Clusius' termodiffusjonsrøyr, som blir nytta for gassar, går ein varmetråd langs aksen av eit langt røyr, medan røyrveggen blir halde avkjølt. Når gass blir ført langsamt gjennom røyret, vil den lette isotopen diffundere mot aksen, den tunga mot røyrveggen. Ved å samle opp gassen som strøymer ut nær aksen, for seg og la denne gjennomløype same prosess ei rekkje gonger, kan ein etter kvart oppnå betydeleg oppriking. Metoden er energikrevjande og fell for kostbar for til dømes oppriking av uran i industriell målestokk, men blir brukt fordi metoden er enkel for å skape små mengder av spesielle isotopar for vitskapleg nytte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]