Termodynamikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk termodynamisk system - varme flyttar seg frå varmt (kjele) til kaldt (kondensator) (ingen av dei er vist her) og arbeid vert trekt ut, i dette tilfelle ei rekkje stempel.

Termodynamikk eller varmelære (frå gresk θερμη, therme, «varme»[1] og δυναμις, dynamis, «kraft») er ei grein innan fysikk som studerer effekten av endringar innan temperatur, trykk og volum på eit fysisk systemmakroskopisk skala ved å analysere den samla rørsla til partiklane i systemet ved hjelp av statistikk.[2][3] Her tyder varme om lag «energi i rørsle» og dynamikk viser til sjølve «rørsla». Altså er termodynamikk i praksis studiet av energirørsler og korleis energi kjem i rørsle. Historisk utvikla termodynamikken seg ut frå eit behov for å auke effektiviteten til tidlege dampmaskinar.[4] Utgangspunktet for dei fleste termodynamiske problemstillingane er dei termodynamiske lovene, som postulerar at energi kan bytast om mellom fysiske system som varme eller mekanisk arbeid..[5] Dei postulerer òg at det finst ein storleik kalla entropi, som er definert for alle typar system.[6] I termodynamikk vert vekselverknaden mellom store system studert og kategorisert. Sentralt i dette er konsept som termodynamisk system og omgjevnadar. Eit system består av partiklar og den gjennomsnittlege rørsla til desse partiklane avgjer kva eigenskapar dei har, som igjen relaterer til kvarandre gjennom tilstandslikninga. Eigenskapar kan kombinerast for å uttrykke indre energi og termodynamisk potensial, som er nyttig for å avgjere tilhøva for dynamisk likevekt og spontane prosessar.

Med desse reiskapane kan termodynamikken skildre korleis system reagerer på endringar i omgjevnadene sine. Dette kan nyttast i mange forskjellige tema innan vitskap og ingeniørkunst, som motorar, faseendringar, kjemiske reaksjonar, transportfenomen og sjølv svarte hol. Resultat i termodynamikken er essensielle i andre felt av fysikk og i kjemi, kjemiteknikk, romfartsteknikk, maskinteknikk, cellebiologi, biomedioteknikk, meteorologi og teoretisk materiallære for å nemne nokre få.[7][8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oxford American Dictionary
  2. Pierre Perrot (1998). A to Z of Thermodynamics. Oxford University Press. ISBN 0-19-856552-6. 
  3. O.E. John Clark (2004). The Essential Dictionary of Science. Barnes & Noble Books. ISBN 0-7607-4616-8. 
  4. Rudolf Clausius (1850). On the Motive Power of Heat, and on the Laws which can be deduced from it for the Theory of Heat. Poggendorff's Annalen der Physick, LXXIX (Dover Reprint). ISBN 0-486-59065-8. 
  5. Van Ness, H.C. (1969). Understanding Thermodynamics. Dover Publications, Inc. ISBN 0-486-63277-6. 
  6. Dugdale, J.S. (1998). Entropy and its Physical Meaning. Taylor and Francis. ISBN 0-7484-0569-0. 
  7. Smith, J.M., Van Ness, H.C., Abbott, M.M. (2005). Introduction to Chemical Engineering Thermodynamics. McGraw Hill. ISBN 0-07-310445-0. 
  8. Haynie, Donald, T. (2001). Biological Thermodynamics. Cambridge University Press. ISBN 0-521-79549-4.