Termodynamikken si nulte lov
Termodynamikken si nulte lov er ei generell utsegn om lekamar i termisk likevekt som er i kontakt med kvarandre og dannar eit grunnlag for konseptet temperatur. Den mest vanlege forma av den nulte lova er:
« | Viss to termodynamiske system er i termodynamisk likevekt med eit tredje system, så er dei to systema òg i termisk likevekt med kvarandre. | » |
Med andre ord seier den nulte lova at om ein ser på ein matematisk binær relasjon så er termisk likevekt transitiv. Enkelte kallar dette derfor for «den transitive eigenskapen i termodynamikk».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Uttrykket fekk namnet «den nulte lova» av Ralph H. Fowler fordi ho på mange måtar er meir fundamental enn dei andre termodynamiske lovene. Det var først på midten av 1900-talet at setninga fekk status som ei lov, lenge etter dei tre andre var stadfesta og i bruk. Det er framleis diskusjonar om statusen til lova i forhold til dei tre andre lovene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zeroth law of thermodynamics» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Jos Uffink, J. van Dis, S. Muijs; Grondslagen van de Thermische en Statistische Fysica; Utrecht University