Termografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Termogram)
Termogram av ein katt.

Termografi er direkte eller indirekte avbilding av ein lekam eller eit område ved at varmestrålinga som blir sendt ut frå lekamen blir nedteikna slik at temperaturforholda framgår av biletet.

For undersøkingar av langbølgja infraraudstråling (over 1,5 μm) nyttar ein elektronisk registrering. Resultata kjem fram på ein skjerm. Sonar med ulik temperatur attgjevast som ulike fargar eller fargenyansar, og ein kan skjelne temperaturskilnader på brøkdelar av ei grad. Med det kan ein «sjå» personar i fullt mørke, ut frå den varmeutstrålinga personen gjev.

Teknikken har, omfram i industrien, fått utstrakt bruksområde, òg i medisinsk samanheng, til dømes ved gransking av blodomlaupet i ekstremitetane og til undersøking av brystkreft.

Termografisk kopiering er ein fotografisk kopieringsmetode der varmestråling blir kasta tilbake frå mørke felt på ljos bakgrunn (bokstavar, strekteikningar) og blir fanga opp på spesielt kopieringspapir der det blir starta ein fotografisk prosess.

Nedteikning av kurvar som viser temperaturforløp, ved hjelp av sjølvregistrerande termometer, vert kalla termografar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]