Termokross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein termokross er eit termoelement for måling av vekselstraum. To trådar av ulike metall er lodda saman i form av ein kross. Ein ende av kvart metall blir kopla til eit kjenslevart voltmeter og dei andre til straumkjelda. Straumen varmar opp loddepunktet, og termospenninga som blir målt med voltmeteret, gjev eit mål for straumen.

Termokrossar kan òg nyttast til måling av trykk i gassar (vakuummeter). Det blir då sendt konstant straum gjennom loddepunktet, og det innstiller seg ein temperatur som er avhengig av varmeleiingsevna til gassen, og denne avheng igjen av trykket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]