Termosflaske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Termo(s)kanne
Varmeflaske

Termosflaske eller termo(s)kanne, gjerne forkorta til termos, stundom kalla varmeflaske,[1] er ei flaske med isolerande vegger slik at mat eller drikke held på temperaturen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Termosflask vart oppfunnen av den skotske fysikaren sir James Dewar i 1901. Namnet kjem av Thermos, som er ein produsent av termosflasker. Denne produsenten var ein gong i tida så dominant på marknaden at produktet vart synonymt med fabrikatet. Selskapet er framleis innehavar av figurmerke der ordet thermos inngår.[2]

Det engelske namnet Dewar flask[3] syner til på oppfinnaren.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Den gode isolasjonsevna kjem av flaska har doble veggar med vakuum imellom. Sidan det er vakuum mellom veggane finst det ingen materie som kan leie varme. Tidlegare var ho laga av glas. Ho er kjenslevar for støyt, og flaska kunne øydeleggast om ho fekk ein støyt. I løpet av 1980-åra vart det vanleg med «uknuselege» termosar med flaske av rustfritt stål. Mattermoser har større kork, slik at innhaldet er betre tilgjengeleg. Tidlegare var korken til termosen laget av kork. Nå framstillast han vanlegvis av plast, med ein ventil som gjør det mogeleg å skjenke frå termosen uten at ein treng å skru av korken. Slike konstruksjonar er som regel vanskelege å gjere reine.

På midten av 1900-talet kom termokanner eller TV-kanner som i prinsippet er ein termos med hank og tut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Termosflaske