Terningmoen
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Terningmoen leir er ein militærleir med tilhøyrande skyta- og øvingsområde på Vestad i Elverum. Terningmoen er ein del av Østerdal Garnison, saman med Rena leir.
Innhaldsliste
Historie[endre | endre wikiteksten]
1600 til 1900-talet[endre | endre wikiteksten]
Østoppland infanteriregiment vart oppretta i dette distriktet frå år 1657. Frå 1650-talet vart det bygd befestninger i Elverumsområdet på begge sider av elveløpet: Christiansfjeld festning og etterkvart Terningen skanse og Grindalskansen ved vestesida.[1]
Terningmoen som forsvarsanlegg vart først oppretta som ekserserplass for Østerdalens bataljon i Akershusiske infanteribrigade ca. år 1879. Etter denne tida starta gradvis utbygging og arealutviding.
1900 og 2000-talet[endre | endre wikiteksten]
I 1932 vart Skyteskolen og Vinterskulen for infanteriet slått saman til Skyta- og vinterskulen for infanteriet (SVI) på Terningmoen, noko som igjen medførde byggevirksomhet. Leiren vart betraktlig utvida under 2. verdskrig og i etterkrigstiden.
På starten av 1980-talet flytta Østoppland forsvarsdistrikt og Østoppland infanteriregiment nr. 5 sin stab til Terningmoen frå Regimentsgarden i Elverum. Terningmoen vart standkvarter for Østoppland heimevernsdistrikt nr. 05.
Terningmoen var òg tidlegare standkvarter blant anna for Oppland Regiment, Infanteriinspektoratet, infanterilinja ved befalsskolen for Kampvåpenet til Hæren (BSKAMP), Utdanninga til Kampvåpenet og Kompetansesenter (KampUKS) og deler av FISE-H.
Ved utbygginga av Terningen Arena i 2009-2010 vart eit mindre areal av leiren selt til fordel for flerbruksanlegget.
Brann[endre | endre wikiteksten]
Natt til 9. februar 2010 vart tre lagerbygningar overtent og totalskadd. To av bygningane var depot, som lagra full bekledning og militært utstyr til ca. 1000 soldatar. Det tredje bygget var våpenlager og -verkstad, og dessutan kontor for FLO. Bygg og det meste av matriell var å rekna som totalskadd. Ingen av bygningane, som vart bygd i høvesvis 1888, 1933 og 1943, hadde vernestatus.[2]
I dag[endre | endre wikiteksten]
Leiren er i dag prega av tre utbyggingsperiodar: Etableringsperioden seint på 1800-talet, bygg frå 2. verdskrig og bygg frå etterkrigstiden til i dag.
Terningen Arena[endre | endre wikiteksten]
Terningen Arena er eit flerbruksanlegg liggar ved Terningmoen. Målet med prosjektet Terningen Arena er å skapa eit flerbruksanlegg for idrett, kultur og næring, til bruk for alle. Det er òg ein målsetning at Elverum skal forsterkast som til utdannings- og kompetansesenter, og at Høgskulen i Hedmark skal styrkjast og vert vidareutvikla i folkehelsebyen Elverum, med sina helse- og idrettsutdanningar. Høgskulen i Innlandet, Forsvaret, NAV og Hedmark fylkeskommune er nokon av leietakerne på anlegget. Forsvaret har i Terningen Arena velferdskontor og treningsfasilitetar for tjenestegjørende.
Trinn 1 vart ferdigstilt i desember 2010, og anlegget er sidan vorte utvida med blant anna fleire utandørs idrettfasiliteter.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Terningmoen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. september 2018.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (ein) Kategori:Terningmoen – bilete, video eller lydar på Mal:Offisielle lenker
- Terningmoen på Nettsidene til forsvaret
- Terningen Arena
- Artikkel om Terningen Arena med faktum og historie[daud lenkje].
- Vis Terningmoen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Vis Terningmoen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Vis Terningmoen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren