Terrasseblokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terrasseblokker, Oppsal terrasse, på Oppsal søraust i Oslo.

Terrasseblokk er ei bustadblokk som er utforma slik at kvar etasje er dregen eit stykkje inn på den eine langsida i høve til etasjen under. Soleis vert det plass til romslege terrassar framfor kvart husvære. Det vert ofte lagt vekt på å leggje til rette for å plante blomar og jamvel ikkje for store tre på terrassane.

Opphavleg vart det berre bygd terrasseblokker oppetter bratte skråningar, slik at elles ubrukbare tomter kunne gje plass til bustader. Kvar av etasjane i blokkene vart då om lag like store, og i mange høve kunne tilkomsten til kvar etasje skje rett frå terrenget. Men seinare vart det òg reist frittståande terrasseblokker i meir eller mindre flatt terreng, utforma på det viset at kvar etasje vart mindre i djupna, og grunnflata soleis mindre, dess høgare i blokka etasjane låg. På dette viset vart ulike storleikar på husværa kombinert med om lag like store terrassar framfor alle saman.