Terrenglimousin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volkswagen Touareg.

Terrenglimousin, òg kalla SUV og asfalttraktor, er ei høgbygd stasjonsvogn med firehjulsdrift. I motsetning til konvensjonelle terrengbilar har denne typen sjølvberande karosseri og uavhengig hjuloppheng.

På grunn av firehjulsdrifta og stor frigangshøgd tek bilane seg godt fram i terrenget og har vorte populær hjå friluftsfolk.

Terrenglimousinar har ofte kraftige bensin- eller dieselmotorar, stor masse og høgt drivstoffforbruk, noko som har ført til at dei har vorte kritiserte for å vera lite miljøvenlege [1]. Dei høgbygde karosseria resulterer i eit høgare massepunkt enn vanlege personbilar, noko som kan gå ut over køyreeigenskapane [2]. Den store massen fører òg til at dei gjer stor skade på andre køyretøy når dei er involverte i kollisjonar [2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Teimansen, E., Store SUVer er ute, Dagbladet.no, 1/3-2007.
  2. 2,0 2,1 Billing, M. og Sunde, S.S., SUV – farligere enn du tror', Tryggtrafikk.no, 15/8-2008.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]