Terrorangrepet mot Dubrovka-teateret i Moskva
Terrorangrepet mot Dubrovka-teateret i Moskva føregjekk i tida 23.-26. oktober 2002. Medan eit teaterstykke vart spelt om kvelden den 23. oktober gjekk 40-50 væpna tjetsjenske separatister inn i det fullsette Dubrovkateateret og tok 850 personer som gislar.
Gisselantakarane kravde at Russland skulle dra seg attende frå kampane i Tsjetsjenia. Operasjonen var leia av den 22 år gamle Movsar Barayev. Den 26. oktober storma russiske spetsnaz-soldatar teateret og drap leiaren og 39 av separatistane. 129 av gisslane vart òg drepne av ein giftig gass (truleg fentanyl) som dei russiske spesialstyrkane sprøyta inn i teateret for å pasifisere angriparane slik at dei ikkje fekk sett av sprengladningane dei hadde førebudd.