Terry Callier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terry Callier
Terrycallier.jpg
Fødd24. mai 1945(1945-05-24)
FødestadChicago i Illinois i USA
Død27. oktober 2012 (67 år)
DødsstadChicago i USA
FødenamnTerrence Orlando Callier[1]
OpphavUSA
Aktiv1962–1983, 1991–2012
SjangerFolk, jazz, soul
InstrumentVokal, gitar, piano
PlateselskapCadet Records, Elektra Records
Verka somSongar-låtskrivar, dataprogrammerar

Terrence Orlando «Terry» Callier (24. mai 194527. oktober 2012) var ein amerikansk jazz-, soul- og visesongar.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Callier vart fødd nord i Chicago og voks opp i området Cabrini–Green. Han lærte seg å spele piano og var barndomsven med Curtis Mayfield, Major Lance og Jerry Butler, og byrja å syngje i doo-wop-grupper i tenåra. I 1962 prøvespelte han for Chess Records, der han spelte inn debutsingelen «Look at Me Now».[3] Samstundes byrja han på college og spelte på viseklubbar og kafear i Chicago, der han vart sterkt inspirert av musikken til John Coltrane.[4] Han møtte Samuel Charters i Prestige Records i 1964, og året etter spelte dei inn debutplata hans. Charters tok så lydbanda med seg ut i den mexicanske ørkenen og albumet vart ikkje gjeven ut før i 1968 som The New Folk Sound of Terry Callier.[3][5] To av songane til Callier, «Spin, Spin, Spin» og «It's About Time», vart selte inn av det psykedeliske rockebandet H.P. Lovecraft i 1968 på albumet H.P. Lovecraft II.[6] Eit bandmedlem i H.P. Lovecraft var George Edwards, som kjende Callier frå visemiljøet i Chicago, og han kom til å produsere fleire songar for Callier i 1969.[6]

Han fortsette å spele i Chicago og i 1970 vart han med i Chicago Songwriters Workshop, ei gruppe låtskrivarar, som vart samla saman av Jerry Butler. Han og partneren Larry Wade skreiv songar for Chess og etiketten deira Cadet, inkludert The Dells-hitten «The Love We Had Stays on My Mind» i 1972. Som følgje av dette fekk ha sjølv platekontrakt med Cadet som visesongar. Tre kritikarroste, men kommersielt mislukka album følgde, produsert av Charles Stepney: Occasional Rain (1972), What Color Is Love (1972) og I Just Can't Help Myself (1974). Desse synte at Callier var påverka av R&B, soul og jazz. Sidan turnerte han med George Benson, Gil Scott-Heron og andre. Cadet og moderselskapet Chess vart seld i 1976 og Callier vart så droppa frå selskapet. Låtskrivargrupa vart lagt ned i 1976. Året etter signerte han ny kontrakt med Elektra Records, og gav ut albuma Fire On Ice (1977) og Turn You to Love (1978).[5][7] Opningssporet på sistnemnde, «Sign of the Times», vart nytta som kjenningsmelodien til radioprogramet til Frankie Crocker og vart den einaste singelen Callier fekk inn på den amerikanske singellista, ein 78. plass på R&B-lista i 1979 og han fekk spele på Montreux Jazz Festival.[5][8]

Callier fortsette å spele og turnere fram til 1983, då han fekk foreldreretten over dottera og trekte seg frå musikkarrieren for å studere informatikk, og fekk ein jobb ved University of Chicago. Samstundes studerte han sosiologi på kveldstid. Han dukka opp frå gløymsla mot slutten av 1980-åra å britiske DJ-ar oppdaga dei gamle innspelingane hans og byrja å spele songane hans på klubbane. Acid Jazz Records-sjefen Eddie Piller gav ut på ny ei lite kjend Callier-innspeling frå 1983, «I Don't Want to See Myself (Without You)», og henta han til å spele på klubbar i Storbritannia. Frå 1991 reiste han ofte i jobbferiane sine for å halde konsertar.[5][9]

I 1994 gav Urban Species ut det første albumet sitt, Listen, der tittelsporet sampla basslinja og gitarriffet frå Callier-songen «You Goin' Miss Your Candyman» frå 1973.[10] Seint i 1990-åra byrja Callier på eit comeback i plateindustrien og samarbeidde med Urban Species på EP-plata deira Religion and Politics i 1997 og medverka på Beth Orton-EP-en Best Bit, før han gav ut albumet Timepeace i 1998. For dette albumet vann han Dei sameinte nasjonane sin Time For Peace-pris for eineståande kunstnarisk medverknad til verdsfred. Kollegaene hans ved University of Chicago kjende ikkje til musikklivet til Callier, men etter meldingane om prisen nådde arbeidsplassen vart musikaren kjendis og etter ei stund slutta han i jobben sin for å fokusere på musikken på heiltid.[3][9]

I tillegg til å gå attende som internasjonal turnémusikar fortsette Callier platekarrieren sin og gav ut fem album etter Timepeace, inkludert Lifetime (1999), Alive (2001), Speak Your Peace (2002), med Paul Weller på singelen «Brother to Brother», Golden Apples of the Sun (2003), med tekst frå W.B. Yeats-diktet The Song of the Wandering Aengus og Lookin' Out (2004). I mai 2009 kom albumet Hidden Conversations der Massive Attack bidrog.[7][9] I 2001 spelte Callier «Satin Doll» for Red Hot Organization-albumet Red Hot + Indigo, ein hyllest til Duke Ellington der inntektene gjekk til forskjellige veldedige føretak kring AIDS.

Callier døydde av kreft 27. oktober 2012, 67 år gammal.[11]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • The New Folk Sound of Terry Callier (Prestige, 1965)
  • Occasional Rain (Cadet, 1972)
  • What Color Is Love (Cadet, 1973)
  • I Just Can't Help Myself (Cadet, 1974)
  • Fire on Ice (Elektra, 1978)
  • Turn You to Love (Elektra, 1979)
  • Time Peace (Verve Forecast/Talkin' Loud/PolyGram, 1998) #92 UK
  • Lifetime (Blue Thumb/Talkin' Loud, 1999) #96 UK
  • Speak Your Peace (Mr Bongo, 2002) #156 UK
  • The New Folk Sound of Terry Callier (Prestige/BGP, 2003) Remastered with three additional tracks including «Golden Apples of the Sun»
  • Lookin' Out (Mr Bongo, 2004)
  • Hidden Conversations (Mr Bongo, 2009)

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

  • TC in DC (Premonition, 1996) spelt inn i Washington D.C. 1982
  • Live at Mother Blues, 1964 (Premonition, 2000) spelt inn i Chicago 1964
  • Alive (Mr Bongo, 2001) spelt inn i London 2000
  • Welcome Home (Mr Bongo, 2008) spelt inn i London 2008

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «I Just Can't Help Myself» (Cadet, 1973)[12]
  • «Ordinary Joe / Golden Circle of Your Love» (Cadet)
  • «Look at Me Now / Ordinary Joe» (Cadet)
  • «Butterfly / Street Fever» (Elektra, 1978)
  • «Sign of the Times / Occasional Rain» (Elektra, 1979)
  • «I Don't Want to See Myself (Without You) / If I Could Make You (Change Your Mind)» (Erect, 1982; reissued on Acid Jazz, 1990 & 2006)
  • «Love Theme from Spartacus» (Talkin' Loud/(Verve Forecast), 1998)
  • «I Don't Want to See Myself (Without You)» (Talkin' Loud, 1999)
  • «Silent Night» (Talkin' Loud, 1999)
  • «Holdin' On / When My Lady Danced» (Talkin' Loud, 1999)
  • «Tomorrow in Your Eyes» - East West Connection med Terry Callier (Chillifunk, 2001)
  • «Brother to Brother» - Terry Callier with Paul Weller (Mr Bongo 2002)
  • «Running Around / Monuments of Mars» (Mr Bongo, 2002)
  • «In a Heartbeat» - Koop med Terry Callier (Superstudio Grå/Sony Music, 2002)
  • «Lookin’ Out» (Mr Bongo, 2004)
  • «Live with Me» - Massive Attack med Terry Callier (Virgin, 2006)
  • «Advice» - Hardkandy med Terry Callier (Catskills, 2006)
  • «Wings» (Mr Bongo, 2009)

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BMI : Repertoire Search». Repertoire.bmi.com. Arkivert frå originalen 2016-01-11. Henta 13. april 2019. 
  2. «Terry Callier Passes Away : MundoVibe | World Music & Visual Culture | Download Free Music». MundoVibe. 24. mai 1945. Arkivert frå originalen 2012-10-31. Henta 28. oktober 2012. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Will Hodgkinson. «Interview with Terry Callier | Music». theguardian.com. Henta 13. april 2019. 
  4. «Terry Callier - Reluctant Musikar». Jazzusa.com. Arkivert frå originalen 2013-01-31. Henta 13. april 2019. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Jason Ankeny. «Terry Callier | Biography». AllMusic. Henta 13. april 2019. 
  6. 6,0 6,1 Richie Unterberger (11. mai 1968). «H.P. Lovecraft/H.P. Lovecraft II Liner Notes LOVECRAFT II». Richieunterberger.com. Henta 13. april 2019. 
  7. 7,0 7,1 «Terry Callier | Listen and Stream Free Music, Albums, New Releases, Photos, Videos». Myspace.com. Henta 13. april 2019. 
  8. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 62. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «親知らずを抜歯するなら歯科医に任せよう: いろんなパターンがある». Terrycallier.net. Arkivert frå originalen 21. april 2014. Henta 13. april 2019. 
  10. «Urban Species's «Listen» sample of Terry Callier's «You Goin' Miss Your Candyman»». WhoSampled. Henta 13. april 2019. 
  11. «Terry Callier, Singer and Songwriter, Dies at 67». The New York Times. Henta 31. oktober 2012. 
  12. «Terry Callier Discography». Discogs.com. Henta 13. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Terry Callier