Terry Lee McMillan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terry McMillan
Fødd12. oktober 1953(1953-10-12)
FødestadLexington
Død2. februar 2007 (53 år)
FødenamnTerry Lee McMillan
OpphavLexington i Nord-Carolina i USA
Aktiv1973–2007
SjangerCountry
Instrumentmunnspel
trommer
perkusjon
Tilknytte artistarEddy Raven
PlateselskapRCA, Step One, Giant
Verka somMusikar

Terry Lee McMillan (12. oktober 19532. februar 2007) var ein USA-amerikanske countryartist som spelte munnspel og perkusjon. I 1973 vart han medlem i bandet til Eddy Raven i Nashville og arbeidde med Raven til 1975. Han arbeidde så med Chet Atkins og spelte munnspel i turnébandet hans. Seinare turnerte han med Jerry Reed og Jeannie C. Riley før han vart ein særs ettertrakta studiomusikar. I 1970-åra deltok han på album med mellom andre Mickey Newbury og Gary Stewart.

Etter ein periode som soloartist tidleg i 1980-åra, med ein liten hit med «Love Is a Full Time Thing».[1] Han gjekk så attende til å bli studiomusikar og spelte med artistar som Ray Charles, Dolly Parton, Garth Brooks, George Jones, Merle Haggard, Reba McEntire, Randy Travis, Johnny Cash, Roy Orbison, Kenny Chesney, Emmylou Harris, Neil Young, Waylon Jennings, J. J. Cale, Trisha Yearwood, Amy Grant og mange andre. I 1993 spelte han på innsetjingsballet til president Bill Clinton, der han spelte ein munnspelsolo av «Amazing Grace».

Etter at huset til familien vart øydelagd i 1992 av ein brann, vart McMillian ein religiøs kristen og fokuserte hovudsakleg på inspirasjonsmusikk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
I've Got a Feeling
Somebody's Comin'

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel US Country Album
1982 «Love is a Full Time Thing» 85 berre singel
1993 «I've Got a Feeling» I've Got a Feeling
1997 «Somebody's Comin'» Somebody's Comin'

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 274. ISBN 0-89820-177-2.