Terry Melcher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terry Melcher

Melcher til venstre i studio med Gene Clark (midten) og David Crosby frå The Byrds i 1965.
Fødd8. februar 1942(1942-02-08)
FødestadNew York City i USA
Død19. november 2004 (62 år)
DødsstadBeverly Hills i California i USA
FødenamnTerrence Paul Jorden
AliasTerry Day
OpphavUSA
Aktiv1959–2004
Sjanger
InstrumentVokal
Tilknytte artistar
PlateselskapColumbia Records
Verka somPlateprodusent, studiomusikar, låtskrivar
MorDoris Day
FarMartin Melcher, Al Jorden

Terrence Paul Melcher (fødd 8. februar 1942 som Terrence Paul Jorden, daud 19. november 2004) var ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent, som var med å forme California Sound og folkrockrørsla i 1960-år, særleg under den gryande motkulturtida. Dei mest kjende bidraga hans var å produsere dei to første albuma til The Byrds, Mr. Tambourine Man (1965) og Turn! Turn! Turn! (1965), i tillegg til dei fleste hittane til Paul Revere & the Raiders og Gentle Soul. Han var òg ei kort stund knytt til Charles Manson, ein låtskrivar og kultleiar som seinare vart dømd for fleire mord.

Melcher var det einaste barnet til skodespelarinna og songaren Doris Day. Faren var den første ektemannen til Day, Al Jorden, og han vart adpotert av den tredje ektemannen hennar, Martin Melcher. Dei fleste av dei tidlege innspelingane hans var med dei songbaserte surfebanda The Rip Chords og Bruce & Terry. I 1960-åra var Melcher knytt til The Beach Boys og var med å knyte Brian Wilson til Smile-tekstforfattaren Van Dyke Parks. Melcher produserte seinare fleire singlar for The Beach Boys i 1980- og 1990-åra, inkludert «Kokomo» (1988), som toppa den amerikanske singellista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]