Tesla, Inc.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tesla Inc.


Org.formBørsnotert selskap
BransjeBilindustri
Skipa1. juli 2003
EigarElon Musk,[1] Capital Group Companies,[1] Larry Ellison,[1] Elon Musk,[2] Elon Musk,[3] Statens pensjonsfond[4]
HovudkontorPalo Alto i California
LandUSA
ProduktTesla Roadster, Tesla Model 3, Tesla Model X, Tesla Model S, Tesla Powerwall, Tesla Semi, Tesla Model Y, Tesla Powerpack, Tesla Solar Roof, Tesla Solar Panels, Tesla Supercharger, Tesla Megapack, elbil, elektrisk lastebil, litiumionbatteri, solar panel
Grunnleggjar(ar)Martin Eberhard,[5] Marc Tarpenning[5]
StyreleiarElon Musk (april 2004)[6][7]
Adm.dir.Elon Musk (oktober 2008)
Salsinntekter13 656 000 000 USA-dollar (2022)[8]
Omsetnad13 656 000 000 USA-dollar (2022)[8]
Resultat12 556 000 000 USA-dollar (2022)[8]
Marknadsverdi635 180 000 000 USA-dollar (4. april 2021),[9] 644 030 000 000 USA-dollar (8. april 2021),[10] 656 350 000 000 USA-dollar (2020),[10] 710 080 000 000 USA-dollar (18. april 2021),[10] 568 110 000 000 USA-dollar (16. mai 2021),[10] 602 290 000 000 USA-dollar (31. mai 2021),[10] 666 750 000 000 USA-dollar (20. august 2021),[10] 751 910 000 000 USA-dollar (19. september 2021),[10] 1 040 000 000 000 USA-dollar (27. oktober 2021),[10] 1 240 000 000 000 USA-dollar (5. november 2021),[10] 885 700 000 000 USA-dollar (18. februar 2022),[11] 1 080 000 000 000 USA-dollar (6. april 2022),[11] 740 960 000 000 USA-dollar (15. juli 2022)[11]
Nettstadwww.tesla.com

Tesla, Inc.[12] (tidlegare Tesla Motors, Inc.) er eit amerikansk bil-, programvare- og energiselskap. Selskapet er oppkalla etter Nikola Tesla, som var ein verdskjend ingeniør.

Tesla produserer elektrisk drivne bilar, solcellepanel, og batteripakkar til kommersiell og privat bruk. Dei utviklar òg programvarer til bilar og solcellepanel. (fordeler straum mellom batteri og straumnettet).

Per mars 2022 hadde selskapet den største marknadsverdien blant alle bilprodusentane i verda, med ein verdi på 1130 milliardar amerikanske dollar.[13] Det gjer selskapet til det sjette mest verdifulle selskapet i verda.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det var ingeniørane Martin Eberhard og Marc Tarpenning som skipa verksemda i 2003 i San Carlos, California. I 2004 engasjerte Elon Musk seg i selskapsdrifta med finansiell bistand frå blant Sergey Brin og Larry Page.

I 2006 lanserte dei tosetaren Tesla Roadster som vart bygd hjå Lotus i England. I 2012 kom Tesla Model S, ein stor sedan med 5-7-sete. Den tredje modellen var Tesla Model X (2015–), ein SUV med firehjulsdrift. Den fjerde modellen var Tesla Model 3 (2018–) som var ein litt mindre, knappelaus utgåve, bygd på eit understell som òg vart brukt i Tesla Model Y (2020–).

Tesla Semi Truck er ein elektrisk lastebil under utvikling som skal ha somme revolusjonerande tekniske spesifikasjonar. Han skal mellom anna ha ei rekkjevidde på anten 300 miles (482 km) eller 500 miles (804 km), ein akselerasjon frå 0-60 mph (0-96.5 km/h) på 5 sekund (utan last), vera rimelegare i drift og kraftigare enn samanliknbare dieseltruckar. Mange kommersielle aktørar har bestilt Tesla Semi Truck, mellom anna Posten Noreg.[14]

Tesla Cybertruck vart lansert den 21. november 2019 Lanseringa bringa mykje merksemd av di den iaugefallande utsjånaden til bilen, men mest etter ein flause der eit vindauge på bilen knuste då sjefdesignar hos Tesla, Franz von Holzhausen, kasta ein stålball mot han for å demonstrera kvar solid glaset var. Tesla skildrar trucken som eir køyretøy med «betre funksjonalitet enn ein pick-up, og med meir yting enn ein sportsbil». Ifylgje Tesla skal han kunna akselerera frå 0-60 mph på 2.9 sekund, ha ei rekkjevidde på opptil 500 miles (804 km) og kunne taua meir enn 6,35 tonn.[15] Per mars 2022 vert det sagt at dei fyrste eksemplara av Cybertruck kan verta leverte i slutten av 2022.[16]

Fabrikken «Giga Texas».

Det meste av bilproduksjonen finn ein i Fremont, California. Selskapet lagar òg batteri og andre delar ved fabrikken «Giga Nevada», som vart bygd i 2014.[17] Batteriproduksjonen hender òg ved «Giga New York» som vart opna i 2017. Tesla har òg ein fabrikk i Kina kalla «Giga Shanghai» som byrja produksjonen av Model 3 mot slutten av 2020.[18]

Batterifabrikken «Giga Berlin» var hausten 2020 venta å opna i 2021.[19] Fabrikken i Berlin vart likevel først opna den 22. mars 2022[20] Hausten 2020 var det òg forventa at Tesla Cybertruck og Tesla Semi skulle lagast ved «Giga Texas» i Austin. Fabrikken var venta å opna i slutten av 2021, men vart utsett, og vart innvigd den 8. april 2022.[21]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I februar 2018 var det registrert 22 000 Tesla-bilar i Noreg, og 8 460 av desse var nye i 2017. I februar 2018 hadde Tesla 11 servicesenter og 14 mobile verkstadar i Noreg.[22]

I 2019 var Tesla Model 3 den mest selde bilen i Noreg, med 15 683 nye registreringar. I 2020 vart Tesla Model 3 nest mest selde bilmodell i landet, med 7770 einingar. Den 9. mars 2020 vart Tesla-bil nr. 50 000 registrert i Noreg.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data//1318605/000156459020027321/tsla-def14a_20200707.htm#OWNERSHIP_SECURITIES.
  2. http://ir.tesla.com/secfiling.cfm?filingID=1193125-16-543341&CIK=1318605#D133980DDEF14A_HTM_TOC133980_41.
  3. https://www.seznamzpravy.cz/clanek/ekonomika-nejbohatsi-lide-ze-superhrdiny-je-zaporak-musk-prodal-akcie-tesly-za-36-miliardy-dolaru-221400#.
  4. https://www.reuters.com/article/us-norway-swf/norway-wealth-fund-allowed-to-stay-on-as-investor-if-tesla-goes-private-idUSKCN1L60ZV.
  5. 5,0 5,1 https://www.wired.com/2009/06/tesla-founder/.
  6. https://www.theguardian.com/technology/2018/nov/08/tesla-names-new-chair-robyn-denholm-to-replace-elon-musk.
  7. https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/1318605/000119312511092509/ddef14a.htm.
  8. 8,0 8,1 8,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0001318605/000095017023001409/tsla-20221231.htm; utgjevingstidspunkt: 31. januar 2023.
  9. «Tesla (TSLA) Stock Key Data» (på engelsk). 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 «Tesla (TSLA) Stock Key Data». 
  11. 11,0 11,1 11,2 «Forbes Tesla (TSLA) Stock Key Data» (på engelsk). 
  12. O'Kane, Sean (1. februar 2017). «Tesla Motors changes company name to just Tesla» (på engelsk). Henta 29. mars 2022. 
  13. «Tesla becomes most valuable automaker in latest stock rally» (på engelsk). 3. juli 2020. Henta 4. juli 2020. 
  14. Størbu, Martin Kynningsrud (8. januar 2018). «Posten kjøper Tesla Semi» (på norsk bokmål). Henta 29. mars 2022. 
  15. «Cybertruck». Tesla. Henta 18. januar 2021. 
  16. «Tesla Cybertruck: Price, release date, range, etc» (på engelsk). Henta 29. mars 2022. 
  17. «Tesla Gigafactory» (på engelsk). Tesla. Henta 29. mars 2022. 
  18. Tesla Plans to Start Shipping Out Cars Made at Shanghai Gigafactory fra bloomberg.com den 11. september 2020.
  19. MOBERG, KNUT (12. oktober 2020). «Musk-melding gir rykteflom om lengre rekkevidde» (på norsk bokmål). Henta 29. mars 2022. 
  20. «Tesla opens Giga Berlin factory in Germany». Deutsche Welle (www.dw.com) (på engelsk). 22. mars 2022. Henta 15. juni 2022. «Tesla launched its new car factory outside Berlin, with Chief Executive Elon Musk handing over the first deliveries to customers. The US carmaker's Giga Berlin plant is the largest for electric vehicles in Europe.» 
  21. «Tesla factory opens in Texas». Deutsche Welle (www.dw.com) (på engelsk). 8. april 2022. Henta 15. juni 2022. «One month after opening a Tesla factory in Berlin, tech enterprenuer and billionaire Elon Musk opened the newest electric car making facility in Austin, Texas.» 
  22. Sæter, Embret (18. februar 2018). «Tesla møter kritikken – dobler antall ansatte». Henta 29. mars 2022. 
  23. «Registreringer av nye elbiler i Norge». Henta 18. januar 2021. 



Tidslinje over Tesla-modeller (rediger)
Modellserier 2000-åra 2010-åra 2020-åra
0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 0 1 2
Tesla Roadster Roadster
Tesla Model S Model S
Tesla Model X Model X
Tesla Model 3 Model 3
Tesla Model Y Model Y