Hopp til innhald

Teslagrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teslagrad
Utviklar(ar)Rain Games
Utgjevar(ar)Rain Games
DistributørSteam, GOG.com, PlayStation Store, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, Google Play, App Store
SerieTeslagrad
SpelmotorUnity
Plattform(er)Microsoft Windows
Linux
macOS
Wii U
PlayStation 3
PlayStation 4
PlayStation Vita
Xbox One
Nintendo Switch
Android
iOS
Utgjeving
13. desember 2013
Windows, Linux, OS X
13. desember 2013
Wii U
11. september 2014
PlayStation 3, PlayStation 4
EU: 3. desember 2014
NA: 14. april 2015
PlayStation Vita
NA: 24. november 2015
EU: 27. november 2015
Xbox One
9. mars 2016
Nintendo Switch
7. desember 2017
Android, iOS
8. november 2018
SjangerPlattform-hjernetrim
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttps://teslagrad.com/
Del av serien Teslagrad⠀
Teslagrad 2→

Teslagrad er eit dataspel utvikla og utgjeve av den norske spelutviklaren Rain Games. Spelet kom ut på Steam desember 2013, på Nintendo eShop for Wii U i september 2014 og på PlayStation Store på PlayStation 3 og PlayStation 4 i desember 2014 i Europa. Teslagrad bruker Unity game engine, som gjer det lettare for utviklarar å gje ut spelet på ulike plattformer.

Teslagrad er eit plattform-hjernetrimspel i den såkalla metroidvania-stilen, med action-element der magnetisme og andre elektromagnetiske krefter må brukast for å kome vidare i spelet. [1] Spelaren styrer ein ung gut som skal avdekke mysteria om det lenge forlatne Tesla Tower. Han hamnar plutseleg midt i ei samansverjing, som involverer ein despotisk konge som har regjert nasjonen med ei jernhand i fleire år. Spelet inneheld nokre kampsegment, kombinert med gåter og presis plattforming. Det går føre seg i ein steampunk-inspirert versjon av det gamle Europa, i ei ikkje-lineær verd med meir enn hundre handteikna miljø. Spelet introduserer ulike oppgraderingar og hjelpemiddel etter kvart som handlinga skrir fram.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ANMELDELSE: Teslagrad». Gamer.no. Henta 22. september 2018. 
  2. «Teslagrad review». Eurogamer. Henta 22. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]